NRK Meny

Tommel opp for Kjerstin som startar EM-festen

FØRDE (NRK): I dag sikra Andrea og Jeanette sigeren sjølv. Måndag heiar dei på søster og lagvenninne Kjerstin Boge Solås som EM-debuterer for det norske landslaget.

Andrea Boge Solås og Jeanette Øksenberg

GLER SEG: Andrea Boge Solås (t.h.) og Jeanette Øksenberg etter kampen mot Os i Førdehuset søndag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei to Dale-jentene er yre av forventning over at Kjerstin i dag etter alle solemerke står klar til å kjempe for Norges ære i handball-EM i Sverige.

– Eg gler meg veldig. Det ho har gjort er kjempestort og eg er veldig stolt. Eg blir heilt mållaus, seier søster Andrea Boge Solås.

Saman med foreldra skal ho til Sverige for å sjå semifinalen og finalen i EM, vonleg med Norge på bana.

Kjempar om edelt metall

Saman med Jeanette Øksenberg har ho i mange år spelt saman med Kjerstin på handballbana. No har ho teke mange steg vidare, og imponerte stort i Norge sine oppkøyringskampar til handball-EM.

– Ho har lenge vist eit høgare nivå både i Dale og Førde og er sjefen i Tertnes. Det var berre eit tidsspørsmål før ho skulle få lov til å stå der, seier Jeanette om at den tidlegare lagvenninna no skal kjempe om edelt metall med flagget på brystet.

Norge sin første kamp startar klokka 20.45 måndag kveld og blir sendt på TV3. Då kjem Andrea, Jeanette og alle dei andre handballfrelste i Dale til å sitje klistra til skjermen.

– Vi trur at det kjem til å gå bra, gliser Andrea.

I dag blei ho sjølv kåra til banas beste spelar då Førde sitt 2. divisjonslag slo Os 29–17. Dermed står Førde med ni kampar utan poengtap og toppar tabellen med 18 poeng.

Håndballjentene Frankrike

NY JUBEL: Kjerstin Boge Solås jublar saman med Stine Bredal Oftedal (t.v.) under kampen mot Frankrike nyleg.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

– Sjokk å bli tatt ut

Kjerstin Boge Solås er på plass i Helsingborg saman med dei andre landslagsjentene og har ikkje vore tilgjengeleg for presse søndag kveld. Interessa er som vanleg stor for dei norske medaljehåpa.

– Det var eit lite sjokk å bli tatt ut, men det kjennest bra, sa ho til NRK då laguttaket var klart i byrjinga av november.

No satsar dei tidlegare lagvenninnene på at Kjerstin hentar heim edelt metall Dale.

– Det hadde vore veldig kjekt å få ei gullmedalje tilbake til Dale, meiner tidlegare lagvenninne Jeanette Øksenberg.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar