Hopp til innhold

2005: Lova vatn i symjebassenga - 2012: Fleire står framleis tomme

Trass i lovnader frå Jens Stoltenberg om vatn i alle symjebasseng, står fleire tomme i Sogn og Fjordane. I Hyllestad måtte dei tømme bassenget i 2010.

Hyllestad skule

TOMT BASSENG: Her ved Hyllestad skule er ikkje symjebassenget i drift lenger.

Foto: NRK-tipsar

– Vi tykkjer det har vore eit sakn. Vi har ein del kompetansemål som vi skal nå ved å bruke symjebasseng og symjeundervisning.

Det seier rektor ved Hyllestad skule, Kjersti Søvik. I 2010 var dei nøydde til å stenge symjebassenget ved skulen, etter at ein rapport synte at bassenget ikkje kunne nyttast i den stand det var i den gongen.

No må elevane reise til Lavik i Høyanger kommune for å ta symjeopplæring.

– Det går difor mykje tid for elevane som misser anna undervisning, fortel Søvik.

Hyllestad kommune er ikkje aleine om å ha basseng utan vatn i Sogn og Fjordane. Også i Gulen, Selje og Leikanger står dei tomme. I Naustdal har dei bygd bassenget om til ein klatrevegg.

Skuldar på dårleg økonomi

– Det bassenget som vi har er 40 år gammalt og er moden for vesentlege ombyggingar og reparasjonar. Det har vi ikkje råd til, fortel ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde.

Gjere seier Hyllestad har hatt ein stram kommuneøkonomi gjennom mange år.

– Rehabilitering av bassengdelen har vore for krevjande, og det ligg heller ikkje konkrete planar om det, fortel han vidare og syner til rapporten som seier det vil kosta 8,3 millionar kroner å få bassenget i stand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norske svømmebasseng

TOMME BASSENG: Mange symjebasseng står utan ein drope vatn.

Foto: Bjørn Ruud/Tor René Stryger/NRK

61 milliardar kroner

Statssekretær i Kulturdepartementet, Mina Gerhardsen, vil ikkje gå med på at Stoltenberg har brote eit løfte.

– Det var en valkampplakat vi hadde i 2005. Det er ikkje eit løfte vi har gitt i programma våre frå Soria Mora-erklæringa, seier ho.

Ho legg til at det er kommunane som skal fylla bassenga med vatn, og ikkje staten.

– Så det viktigaste vi har gjort, er å syte for 61 milliardar kroner meir til kommunane. Med denne auka i pengestøtta, har vi gitt kommunane ein mulegheit til å fylle opp bassenga med vatn.

Trass dette, dei siste femten åra har opptil 300 basseng blitt tørrlagte i Norge.

Går utover symjeopplæringa

I opplæringslova står det at elevane skal kunne symje i 4. klasse. Rektor Kjersti Søvik seier det er eit vanskeleg mål for nokre av elevane.

– Vi har elevar som ikkje vand med vatn i det heile tatt, og som må ta symjeopplæringa frå starten av. Då blir det vanskeleg når elevane har mindre symjetimar enn før, forklarar Søvik.