NRK Meny
Normal

Tomme basseng førte til at mange ikkje fekk symjeopplæring

Born over heile fylket har gått gjennom mellomtrinnet på skulen utan symjetimar.

Det gamle skulebassenget i Naustdal

RIVE NED: Biletet er teke etter at skulebassenget i Naustdal vart stengt for oppussing i 2005. Den påkravde oppussinga vart ikkje noko av, og i 2013 vedtok politikarane å rive heile bassenget.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Nyleg melde NRK at Sogn og Fjordane kjem best ut blant fylka i landet i statistikken over unge symjeføre.

Like fullt finn ein kommunar i fylket der elevar har gått gjennom heile mellomtrinnet utan symjetimar.

– Utfordrande utan basseng

Mange av bassenga som vart bygde i fylket på 1960- og 1970-talet, gjekk ut av drift 30–40 år seinare, og i Naustdal reiv dei jamvel bassenget for nokre år sidan. I Gulen har bassenget stått tomt sidan 2001, i Selje sidan 2003, og i Leikanger sidan 2007.

– Utfordringa for Naustdal kommune er at vi ikkje har eige basseng. So då er vi avhengige av å leige basseng i Førde, seier skulesjef i Naustdal, Turi Bruland.

Turi Bruland

IKKJE LETT: Skulesjef i Naustdal, Turi Bruland, fortel at det ikkje er lett å dekkje heile behovet for symjeundervising med bassenga som er i Førde. Bassenget i Førdehuset har berre ein time i veka tilgjengeleg for Naustdal skule, ein skule på ca. 350 elevar.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ho fortel at det er vanskeleg for kommunen å ordne med bassengtimar. Elevane frå grannekommunar kjem bakarst i bassengkøen i Førde.

Det har vorte færre timar med symjeundervisning i og med at me ikkje har eige basseng i kommunen, seier rektor på Leikanger barneskule, Målfrid Sværen.

Ho understrekar at det burde vore eit symjetilbod på mellomsteget òg.

– Alle elevane som skal ha symjeundervisning får det, men omfanget vert for lite, seier Ørnulf Lillestøl, rådmann i Selje.

Etter at det kommunale bassenget i Selje vart lagt ned, lyt elevane der fare til Møre og Romsdal for å få symjeundervisning.

– For lite symjeundervising

– Vi skulle vel hatt litt meir symjeundervisning. Det var nokre år vi skulle ha det, men likevel ikkje fekk det, seier tiandeklassing Nikolai Flåm-Aaberg.

10.-klassingar på Naustdal skule

10.-klassingar på Naustdal skule. Trass i at skulebassenget deira kom ut av drift då dei var om lag fire år, er dei dugande symjarar. F.v. Synnøve Aaberg Skjærli, Oline Stuhaug Birkeland, Nikolai Flåm-Aaberg og Gard Indrekvam.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Før årets symjetimar, hadde ikkje Flåm-Aaberg og dei som har gått i klasse med han på Naustdal barne- og ungdomsskule hatt symjeundervisning på minst sju år.

– Før tiande klasse var det anten i 1. eller 2. klasse vi hadde symjing, seier Synnøve Aaberg Skjærli.

Ho trur at den fråverande symjeundervisning gjennom brorparten av skulegongen gjer at elevane ikkje er so trygge i vatn som dei kunne ha vore.

– Men dei kan symje

Naustdal-elevane er likevel nøgde med kvaliteten på dei symjetimane dei har fått. Dei som hadde vanskar med symjinga i tiande klasse, fekk ekstrahjelp.

Men dei trur symjetrening utanfor skulen har vore viktig også:

Eg reknar med at mange har lært seg å symje fordi foreldra eller vener har lært dei opp, seier Synnøve Skjærli.

Også stranda i Naustdal får litt av æra for symjekunna blant dei unge.

Stranda er møteplassen i bygda om sumaren, fortel ungdomane. Og då ligg dei ikkje berre på strandkanten:

– Det ligg ein flåte eit stykke ut på fjorden. Det er god trening å symje på djupna ut dit, seier Skjærli.