Hopp til innhold

Tomhendte Fundo-leverandørar

Mange leverandørar vil stå tomhendte attende etter konkursen av Fundo Wheels.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er varsla krav på kring 250 millionar kroner , medan buet så godt som er utan verdiar.

Det kom fram av bustyraren si innberetning til Fjordane tingrett.

- Det er ikkje dekning til dei vanlege kreditorar. Det er berre pantehavarane og leasingselskap som vil få eit beløp. Dei fleste kjem tomhendte ut, seier bustyrar Knut Ro.

Største pantekreditor er Innovasjon Norge. Dei har pant for 65 millionar kroner i tomta, bygningen, maskiner og patent på hybridfelgen.

Ro ventar over 200 millionar kroner i krav frå ulike kreditorar, og lønnskrav på mellom 30 og 40 millionar kroner frå dei tilsette.