Hopp til innhold

Tomålshelten takkar trenaren for at han framleis spelar fotball

STRYN (NRK): Det var ein smårørt Ole Amund Sveen som scora sine to første mål sidan marerittskaden for to år sidan.

Ole Amund Sveen scora to mot Stryn

HAR TRUA: – Eg har ikkje trena lenge, men siste tida har det gått fort framover. No byrjar eg å få trua på meg sjølv, og føler nesten at eg er tilbake der eg var, seier ein tydeleg letta Ole Amund Sveen etter to mål i cupsigeren mot Stryn.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Etter 5-0-sigeren borte mot Stryn takka Sogndal-spelaren trenar Eirik Bakke for at han framleis spelar fotball.

– Det har vore tøft. All honnør til Eirik. Eg hadde ikkje vore på bana att utan han. Han har sendt meg rundt overalt for å få meg frisk att. Eg har mykje å takke han for at eg står her no, seier Ole Amund Sveen.

– Spesielt å score

Ole Amund Sveen

SKADD: Leggbeinet til Ole Amund Sveen gjekk rett av i duell med Stabæk-keeperen i 2017. Ballen gjekk i mål, men offisielt vart scoringa registrert som sjølvmål.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Skaden han siktar til skjedde i eliteserieoppgjeret på Fosshaugane for ganske over to år sidan. Leggbeinet til Sveen måtte gi tapt i duell med Stabæk-keeperen, og bryt tvers av .

Sidan har angrepsspelaren vore gjennom mykje smerter, mange operasjonar og langt fleire treningstimar for å igjen kunne spele fotball.

Nesten på dagen to år etter skaden gjorde han comeback borte mot Ull/Kisa. I cupoppgjeret mot Stryn kom dei første måla sidan september 2016.

Laster innhold, vennligst vent..

– Sjølv om det var ein cupkamp, så var det spesielt å score det første målet etter skaden. Det er dette eg har trena mot i to år. Først var det å kunne springe att. No er det om å gjere å bli ein god fotballspelar att, seier 29-åringen.

– Det har ikkje vore lett

Ulrik Flo

SCORA: Ulrik Flo sette inn eitt mål mot moderklubben, medan Ole Amund Sveen (2), Joachim Soltvedt og Per Magnus Steiring stod for resten av måla i 5-0-sigeren.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Trenar Bakke er glad for å sjå Sveen vere på god veg tilbake etter den stygge skaden.

– Det har ikkje vore lett for han å reise land og strand rundt for å bli frisk, men det viser kor mentalt sterk han er. Det er framleis veldig tidleg, men no ser vi lys i tunnelen, seier han.

– Med den unge gjengen vi har her, så er vi avhengige av å få Ole Amund skikkeleg i gang att. Vi matchar han forsiktig. Det vart ein omgang sist, og i dag fekk han 45 minuttar og scora to mål. Det er kanskje litt tidleg, men han blir nok kasta inn til ulvane no, held Bakke fram.

Raskare enn før

Ole Amund Sveen

HAR TRUA: Sogndal har berre teke fire poeng på fire kampar. Ole Amund Sveen er optimist. – Vi har hatt litt motgang i det siste, men eg har klokkartru på laget og det vi driver med. Eg er heilt sikker på at det vil snu, seier han.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

For Sveen sin del har det vore ein lang natts ferd mot dag.

– Denne tida har eg funne ut kor mykje fotball betyr for meg. Det har vore tøft, men all kjemping og trening har vore verd det. Eg nyt kvar trening og kamp. Ein veit ikkje kor gøy det er, før ein har vore ute så lenge, seier han.

– Du verka kvikk i dag?

– Eg har trena mykje styrke i lang tid og trur eg er raskare enn då eg vart skadd. Men det er nok litt å gå på for å klare like mange raske løp som før. Det kjem.

Til helga reiser Sogndal til Aalesund der serieleiar Aalesund ventar på Color Line Stadion.