NRK Meny
Normal

Helga der både små og store var kongen av Rock'n'roll

Rockebandet Krom spelte på Elvisfestivalen i Måløy i helga, og tolka popikonet sine tekstar på sin eigen måte, og sitt eige språk.

Gå til forsiden

Sjå alle bileta frå Elvis-festivalen i Måløy

Elvis-festivalen i Måløy

Sjå alle bileta frå Elvis-festivalen i Måløy

24 bilder

    – Ein skulle kanskje tru det var vanskeleg å omsetje Elvis til nynorsk, men Elvis kom jo frå bygda og var ein bygdegut, så det er ein del felles ting i tekstane våre der som er lett å dra fram, seier frontfigur og vokalist i bandet Odd erik Lothe.

    Bandet spelar vanlegvis eigne rockabillylåter på norsk, men i samband med Elvisfestivalen i Måløy som vert arrangert no i helga, gjer dei noko litt annleis.

    – Vi har laga tre låtar sidan kveldsmaten i går kveld, som er vår eigne tolkingar av kjende låtar. Elvis var jo ein av heltane våre i oppveksten, så det er ein draum å spele melodiane hans.

    Kointrabass i rockebandet Krom

    IKKJE VANSKELEG: bandet tykkjer ikkje det er så vanskeleg å kome på nynorske omsetjingar til Elvis sine tekstar

    Foto: Åsta Urdal / NRK

    Elvis lever

    Mange av songane til Elvis lever i beste velgåande, sjølv om dei er godt over 40 år gamle, og Lothe trur Krom på sin eigen måte er med på å halde liv i legenda.

    – Vi er kanskje med på å gjere songane hans endå udødelege. Han har jo laga noko for evigheita, og vi er med på å gje dei ei norsk språkdrakt og gje dei eit endå lenger liv.

    Bandet spelte også litt av sine eigne songar, men det viktigaste var elvistolkingane der dei kombinerer veldig lokale tekstar med elvas sine melodiar.

    Amerikanske bilar i Måløy

    ROCKABILLY: det har vore rockabilly-stemning i Måløy i helga

    Foto: Åsta Urdal / NRK

    Einsemd på Vadheim Hotell

    – Elvis har jo ei kjend låt som heiter heartbreak hotel, som eigentleg handlar om botnlaus einsemd. Så tenkte jo vi at vadheim er staden for botnlaus einsemd her i Sogn og Fjordane, så den låten har vi kalla for Vadheim Hotell.

    Folk såg ut til å kose seg med dei lokale vierane på songane, sjølv om tekstane kanskje var litt i grovaste laget til tider.

    – Vi har to i bandet som har som oppgåve å halde litt att om tekstane vert for grove og dryge, men det er ikkje alltid resten av bandet bryr seg om det. Vi prøver i alle fall å sjå det litt an om det er veldig mange barnefamiliar og slikt i publikum.

    Dårleg vêr

    Vêret var dei derimot ikkje så heldige med i helga, det har regna i eit sett i Måløy, og oppmøtet til festivalen har kanskje vorte litt lågare enn venta.

    – Det var veldig uheldig at det skulle regne i to dagar i strekk, det hadde nok vore litt fleire dansande folk om vêret var betre.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.