Hassan Samriye Hashin
Det kom fram i ankesaka i Gulating lagmannsrett onsdag. Då vart dvd-opptak avspelt i retten. Der kom det mellom anna fram at då Hashin sa at han berørte kjønnsorganet til Hedda Karterudseter med handa, så omsette tolken det med at han stakk fingeren inn i kjønnsorganet. Men seinare i avhøyret seier likevel Hashin på spørsmål frå politiet at han hadde ein finger "litt" inne i kjønnsorganet.
Kan bli frikjend frå valdtektstiltalen
I Sogn tingrett vart Hashin dømd for valdtekt i tillegg til drapet på den 19 år gamle folkehøgskuleeleven Hedda Karterudseter. Retten la då til grunn at Hashin hadde stukke fingeren inn i kjønnsorganet. Dersom Gulating lagmannsrett kjem til at det berre var ei berøring av underlivet, så kan det vere det som skal til for at Hashin blir frikjend for denne delen av tiltalen. Det var politioverbetjent Kjærsti Helland i Nye Kripos som avhøyrde Hashin. Ho sa i retten at skilnaden mellom seksuell omgang og seksuelle overgrep er millimeterjuss.
Kan påverke straffeutmålinga
Denne omsetjingsfeilen kan i sin tur verke inn på straffeutmålinga. Hashin vart dømd til 16 års fengsel i tingretten, der han vart kjend skuldig i både drap og valdtekt. Det er valdtektstiltalen som er anka til lagmannsretten, og forsvarar Herman Hoff seier at han kjem til å prosedere på den tolkingsfeilen som vart gjort i det første avhøyret av Hashin. Der fortalde han fritt, utan å bli påverka av spørsmåla frå politiet. Difor vil Hoff be juryen legge mest vekt på det klienten hans verkeleg sa i det første avhøyret.
- Ville tilfredsstille politiet
På spørsmål frå forsvararen sa Hashin i retten onsdag at han fekk mange spørsmål i avhøyret, mange av dei vart gjentekne fleire gonger, og at han etter kvart vart oppteken av å tilfredsstille politiet for å få bli ferdig med dette temaet. - Difor svara eg feil når eg stadfesta at eg hadde hatt fingeren inne i Hedda, sa Hashin i lagmannsretten. -Eg ville fortelje sanninga, men politiet var ikkje nøgd med det, sa han vidare.
Dårleg lyd
Lagmannsretten har brukt mykje tid onsdag på å gå gjennom dvd-opptaka frå avhøyra. Det er dårleg lyd på opptaka, difor må dei spelast omatt, enkelte av dei fleire gonger, for at retten skal få med seg det som blir sagt. To tolkar gjekk gjennom opptaka tysdag, og dei kommenterer der dei har funne feil i omsetjinga. Det er i alt 11 sekvensar frå avhøyret som blir vist på ein skjerm i lagretten.