Hopp til innhold

Tok yrkesvalet då ho var 13

KJØLSDALEN (NRK): Alt som 13-åring var Audhild Grov (23) klar på at det var hovslagar ho skulle bli. Og slik vart det.

Audhild Grov og hestane

GODE VENER: Audhild Grov og hestane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg trur eg var 13 år då eg sa til hovslagaren vår at dette var det eg ville drive med. Det er interessa for hest som ligg i botn. Og så hadde eg lyst til å jobbe med noko som hadde litt fleksibel arbeidstid, samtidig som det var interessant, seier Grov.

Ho var berre fire-fem år då ho byrja med hest, og sidan har interessa følgt ho.

For å bli hovslagar må du gå to år på skule og ha to år med praksis. Grov er akkurat ferdig med fagbrev som hovslagar, og flytte heim til Kjølsdalen i Eid for vel ei veke sidan.

Stadig fleire jenter

Tradisjonelt sett var hovslagar eit yrke ein fann mest menn i. Men det er i ferd med å snu.

– Det er aukande på jentesida. Men ser ein tilbake i tid var det mest menn som var smedar. Men det byrjar å jamne seg ut no. Eg vil tru det snart er like mange kvinner som menn no, seier Grov.

Audhild raspar hovane til Dennis

I RO: – Hestane bryr seg sjeldan veldig mykje med at dei vert skodde, seier Audhild Grov.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Og det er mykje som skal passast på før eit stort dyr på mangehundre kilo skal få nytt fottøy.

– Eg byrjar med å sjå nøye på hesten, korleis han står og korleis hovane ser ut. Viss noko er skeivt, og det ikkje er medfødd, kan ein endre på det ved å skjere hoven, seier Grov.

Éin hest kan ha fire forskjellige sko

Den seks år gamle vallaken hennar Dennis står fint når han skal få ny sko på eine framhoven. Og skoing av hest skal skje oftare enn ein kanskje skulle tru.

– På sommartid så går det seks til åtte veker før ein bør sko om att. Om vinteren brukar ein broddar, så då kan ein ofte bruke skoen, men skifte broddane, seier Grov.

Men hestar er ikkje heilt som folk når det gjeld sko. Det treng nemleg ikkje vere same skostorleik på dei fire hovane.

Skoen er på plass

KJAPT: – Å sko ein hest går ganske fort, dersom det ikkje er nokon spesielle utfordringar, seier Audhild Grov.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– På ein hest kan du ha fire forskjellige størrelsar på hovane, seier Grov, som satsar på å jobbe som hovslagar på fulltid.

– Eg er veldig glad for å få jobbe med dette, for eg tykkjer det er veldig kjekt. Eg tenkjer heile Sogn og Fjordane som arbeidsstad, så litt reising vert det, seier Grov.