Hopp til innhold

Tok ut ny jerv i Luster

Statens naturoppsyn tok denne veka ut nok ein jerv i Luster. Dette er den fjerde som er felt så langt i år.

Jerv avliva ved Gjerde i Jostedalen

AVLIVA: Jerven vart felt ved Holmavatet, aust av Gjerde i Luster.

Foto: SNO-Aurland rovviltseksjonen

Også denne jerven vart felt på såkalla ekstraordinært uttak. Ingen dyr vart skotne i den ordinære jakta.

– Vi spora opp jerven med helikopter, immobiliserte den og kontrollerte om det var tispe med ungar eller ikkje. I dette tilfellet var det ein hannjerv, og då blir dei avliva, seier rovviltansvarleg Rein Arne Golf hos Statens Naturoppsyn.

Fjerde jerv i vinter

Rein Arne Golf

ROVVILTANSVARLEG: Rein Arne Golf.

Foto: Arve Uglum / NRK

Jerven vart avliva onsdag ved Holmavatnet aust av Gjerde i Jostedalen. Tidlegare i vinter er det teke ut ein hann og ei tispe i Luster, samt ein hann rett over grensa til Oppland .

– Det er ikkje mykje jerv i Sogn og Fjordane. Vi har teke ut ganske mange jerv kvart år, men det er veldig gode område for jerv som gjer at fort kjem inn nye individ. Det har det gjort i år, og det kan det gjere vidare framover både til våren, sommar og hausten, seier Golf.

Skal ikkje vere

Jerven har siste året gjort rekordlite skade , men Sogn og Fjordane er del av rovviltregion 1 der Stortinget har sagt at det ikkje skal vere hi eller reproduksjon av jerv.

I vinter vart det gitt løyve til å felle totalt fem jervar i regionen. Då lisensjakta var over i midten av februar var ingen felte.

Beitedyr er prioritet, og Direktoratet for Naturforvaltning gir difor løyve til ekstraordinære uttak i Sogn og Fjordane.