Hopp til innhold

Medan ei gravid kvinne venta i uvissa, strevde advokaten med å få kontakt med Nav

I tre dagar strevde advokat Louis Anda med å få kontakt med Nav. Like lenge venta ei gravid kvinne i uvissa på om ho har ein stad å bu. – Rutinar vart ikkje følgde, seier Nav.

Louis Anda

KRITISK: Louis Anda ringde sju gonger på tre dagar utan å få svar hos sakshandsamaren i Nav.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Advokat Louis Anda meiner det er svært kritikkverdig at det skal vere så vanskeleg å komme igjennom til ein sakshandsamar i Nav-systemet.

– Eg tenkjer at det knapt nok er noko unnskyldning som skulle forklare eller tilseie kvifor ein ikkje skal ta kontakt når ein er i ferd med å miste bustaden sin, seier han.

Ringde sju gonger

På vegner av ei gravid kvinne i 20-åra prøvde advokaten i tre dagar å nå igjennom til sakshandsamaren hos Nav i Florø. Saka var å rekne som ei hastesak.

Men trass i at han ringde fire gonger onsdag, to gonger torsdag, og ein gong fredag var det uråd å oppnå kontakt.

– Vedkommande har eg prøvd å ringe til mange gonger, legge att beskjed på sentralbordet, sende SMS til hennar telefon, utan å få noko som helst respons, seier han.

– Utfordrande

Først fredag, etter at NRK kontakta Nav Sogn og Fjordane sin mediekontakt Frode Henden, ringde sakshandsamaren i Flora tilbake til Anda.

Frode Henden

PRESSEKONTAKT: Frode Henden hos Nav Sogn og Fjordane.

Foto: NAV / NRK

Advokaten spør seg korleis folk som treng sosialhjelp skal klare seg i systemet når sjølv advokatar ikkje kjem lenger enn til eit sentralbord.

– Det er utfordrande for meg, og då tenkjer eg kor utfordrande det kan vere personar som kanskje er litt meir ressurssvake, seier han.

Har gode rutinar

Pressekontakt Henden seier det her er rutinar for hastesaker som ikkje er blitt følgde. Anda skulle ha fått svar, eller blitt ringt opp innan 24 timar.

– Rutinane er gode, det er rutinane som ikkje er blitt følgde. Vi skal prøve å komme i kontakt med dei som tek kontakt med oss i løpet av 24 timar. Her har det gått noko lenger tid.

– Har de noko oversikt kor gode de er på dette området?

– Vi har veldig god oversikt over det. Det er gjerne slik at folk er veldig skeptiske til eit slikt nasjonalt nummer, men statistikkane viser at vi tek telefonen raskt og det blir oppretta kontakt raskt, seier han og avsluttar:

– Dersom det er naudsynt å snakke med det lokale kontoret kan det vere verre, for det er litt personavhengig av om vedkommande er på jobb den dagen eller ute i anna oppdrag.