Hopp til innhold

Tok to gull i vektløftar-NM

Vektløftarane i Tambarskjelvar fekk 11 medaljar under NM i dag. Likevel er ikkje alle heilt nøgde.

Vebjørn Varlid

KONGEPOKALEN GLAPP: Vebjørn Varlid klarte ikkje målet om å sikre seg kongepokalen.

Foto: Tryggve Duun

Det blei to gull då seniorane løfta i dag. Jantsen Øverås vann tidlegare i dag , men også 20-åringen Vebjørn Varlid kunne reise heim med gull i supertungvektsklassen.

Han løfta 160 kilo i rykk og 185 kilo i støt. Varlid hadde gode forsøk både på 165 og 168 kg i rykk, og to hårfine bom på 195 kg i støt i jakta på kongepokalen.

Varlid skuffa

Den var det Per Hordnes frå atletklubben Bjørgvin som kunne reise heim med. Varlid blei nummmer to uansett klasse, og han innrømmer at han er litt skuffa.

– Eg kjende at kongepokalen var innan rekkevidde, så det blei litt stang ut i dag. Eg er skuffa over at pokalen glapp. Men eg kjenner at kroppen fungerer og eg har blitt sterkare i vinter. No ser eg framover og tenkjer eg kan ta den neste gong.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jantsen Øverås

GULL OG NORSK REKORD: Jantsen Øverås gjorde ein svært bra innsats under NM i Bergen i helga.

Foto: Tryggve Duun

Ikkje full uttelling

Trass i totalt 11 medaljar i dag, er heller ikkje trenar Gunnar Reiakvam heilt nøgd.

– Jantsen Øverås gjorde det veldig bra og sette norsk rekord med 114 kilo i støt. Jentene var relativt bra og nesten alle fekk medaljar. Men verken Sindre Rørstadbotnen eller Vebjørn Varlid fekk det heilt til i dag. Dei fekk ikkje full uttelling. Eg hadde gjerne sett at resultata var betre.

Dei frå Tambarskjelvar som tok sølv var:

  • Steinar Kvame med 117 kg i rykk og 130 kg i støt i 77 kg-klassen
  • Yngve Apnesth med 1288 kg og 150 kg. i 85 kilo-klassen
  • Sindre Rørstadbotnen med 117 kg og 160 kg klassen 94 kg
  • Trude Raad med 65 kilo i rykk og 85 kg i støt i 75 kg-klassn
  • Synniva Bruland med 45 kg i rykk og 61 kg i støt i 58 kg
  • Sandra Trædal med 45 kg i rykk og 59 kg i støt

Bronsemedaljer til:

  • Daniel Holstad i med 112 kg i rykk og 127 støt i + 105-klassen
  • Marte Rygg Årdal med 57 i rykk og 78 i støt i 69 kg-klassen
  • Marit Årdalsbakke med 53 kg i rykk og 71 kg i støt