Tok tjuv på fersken

Politiet fekk like etter klokka 18 fredag kveld melding frå ein huseigar i Florø som hadde oppdaga ein framand person i huset sitt. Vedkommande hadde til hensikt å stele, men stakk frå staden då han vart oppdaga. Politiet opplyser at dei har eit signalement av personen og at dei har folk ute for å sjå etter vedkommande. Huset stod ulåst, og den ubedne gjesten fekk ikkje med seg noko, opplyser operasjonssentralen.