Hopp til innhold

Tok til tårene då han såg dramaet

Søndag vart Ahyee Aye Elvis liggjande medvitslaus på bakken etter duell i kampen mot Alta. I dag såg han for første gongen videoklippet.

Ahyee Aye Elvis

TØFT SYN: Ahyee Aye Elvis meinte det såg ille ut då han gjekk i bakken på Fosshaugane.

- Eg gret då eg såg videoen, seier Sogndals midtbanespelar Ahyee Aye Elvis.

Ivorianaren vart søndag involvert i dramaet på direktesendt TV frå Fosshaugane: Heilt mot slutten av kampen fekk han eit kne i tinningen og vart liggjande medvitslaus på bana.

Først fleire minutt seinare kom han til seg sjølv. Då gjekk turen på sjukehus i Førde med hjerneskaking.

Video Aye Elvis skade

DRAMATISK: Sjå episoden der Elvis vart liggjande medvitslaus.

Hugsar ingenting frå episoden

For dei som såg kampen på TV eller som var til stades, såg situasjonen veldig dramatisk ut.

Det gjer det i ettertid også for Elvis sjølv.

- Det ser ikkje bra ut, og alle verke å vere redde då dei såg det. Eg låg jo der med auga opne - akkurat som om eg var død, forklarer han.

Han hugsar ingenting frå duellen, der han fekk smellen i hovudet.

Kona var veldig redd

Ahyee Aye Elvis på sjukehus
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Heller ikkje då det medisinske personellet i Sogndal spurde han ulike spørsmål, kom det noko fornuftig frå han.

Det var først då kona spurde han om datoen for bursdagen sin, at han kom med det rette svaret.

- Då vart eg letta. Eg skjønte at alt var i orden, seier ho til NRK.

- Men eg var veldig redd då eg såg kva som skjedde, legg ho til.

Håpar å vere snart tilbake

NRK fekk måndag ein prat med Elvis på sjukehuset i Førde. Der vart han utskrive, men han rekna med at det vil ta tid å komme tilbake på fotballbana.

- Eg må ta heilt fri i fire-fem dagar. Men det gjer ingenting - eg skulle uansett sone helgas kamp mot Bodø/Glimt på grunn av tre gule kort, ler han.

Sjølv håpar han å vere tilbake i løpet av eit par veker. Men i Sogndal er dei glade om han er tilbake i løpet av året.

- Det var ein solid smell. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange veker dette vil ta, men erfaringsmessig er det ein stor bonus om han er tilbake i løpet av sesongen, seier medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen.

Ahyee Aye Elvis
Foto: Torje Bjellaas / NRK