Hopp til innhold

Tok tidagars pitstop for å løyse sveitte i Russland

På veg heim frå studiar i Australia, stoppa Beate Kårstad Støfring (25) på ein tidagars «treningsferie» i Russland.

På veg heim frå studier i Australia tok Beate Kårstad Støfring vel ei veke treningsferie i Russland.

SJÅ VIDEO: Treningsopphaldet i St. Petersburg er ikkje berre berre. – Det er knallharde og mykje tekniske økter, seier Beate Kårstad Støfring.

Med det russiske herrelandslaget i Kettlebell som sparringspartnerar, er det ikkje snakk om noko slaraffenliv.

– To økter dagleg. Det går i lange kettlebelløkter, springing, roing, push-ups, knebøy og markløft. Etter enda eksamen er dette ferie for meg, så eg henger stort sett på treningssenteret heile dagen, ler Beate Kårstad Støfring.

Verdas beste atletar

Beate Støfring med treningspartner frå Taiwan og trenar Sergey Rachinskiy.

BEST: – Det er dette eg vil. Eg er innstilt på å bli best. Det motiverer meg til å reise rundt og trene, seier Beate Kårstad Støfring (i midten), her flankert av ein treningspartner frå Taiwan og trenaren Sergey Rachinskiy.

Foto: Privat

Kettlebell er ikkje langt frå den mest utbreidde eller inntektsgjevande idretten, men 25-åringen frå Jølster går «all inn» for å vere verdas beste i alle øvingar om to år. Så enkelt, men ikkje så lett.

I mai sette Støfring ny verdsrekord med 73 repetisjonar i øvinga Long cycle. Denne slo amerikanske Kimberly Fox med fire repetisjonar to veker seinare. Rekorden vil 25-åringen gjerne ha tilbake.

Som opplading til haustens gulljakt under VM i Litauen, stogga ho for andre gang i St. Petersburg, etter enda sports management-studiar i Australia.

– Eg trena åleine i Australia, og i Førde er vi berre nokre få. Her får eg trene i eit tøffare og større miljø, og får tips og tilbakemeldingar frå verdas beste atletar, seier ho.

– Handlar om å vere sunn

Etter to og eit halvt år som student i delstaten Queensland ser ho fram til å kome heim til Sunnfjord og klubbvenene i Førde Kettlebellklubb. Då får ho også satse endå meir på den litt spesielle, men krevjande idretten.

Beate Støfring sin første treningsdag med profesjonelle atletar i Russland.

MILJØ: Beate Kårstad Støfring trenar sjeldan i ei så stor gruppe som ho denne veka gjer i russiske St. Petersburg.

Foto: Privat

– Australia er stort, men det er langt frå det aller meste. Eg ser fram til å få eit større treningsmiljø og kunne reise meir på konkurransar i Noreg og Europa, seier ho.

– Kettlebell er ein smal sport, og lite pengar å hente. Kvifor Kettlebell?

– For meg handlar det først og fremst om å vere sunn, vere i aktivitet og å lære meir om sporten. Det er ein genial sport, med dei beste instrumenta for å trene kondisjon, styrke og mentalitet. Du trenger berre eit par kettlebells, og eit lite hjørne.

NM til Førde

Og i november neste år får ho etter planen oppfylt draumen om eit NM i Førde. Til den tid håpar ho å få idretten introdusert for fleire sunnfjordingar så klubben stiller mannsterke under NM på heimebane.

Før den tid blir det eit hardkøyr for å komme ned i konkurransevekta til VM i Latvia. Der stiller Førde Kettlebellklubb med fire utøvarar.

– Vi stiller ein person per vektklasse, men i klassa mi er vi to. Difor må eg ned seks kilo og inn i ny vektklasse. Det blir utfordrande å klare det utan å miste styrke, seier Støfring.

– Men målet er gull?

– Heilt klart.