Saman med kameraten Henri Hannes hadde 31-åringen frå Slependen englevakt som ikkje vart del av statistikken for den verste snøskredvinteren på 25 år.
Henning Hamnes har ikkje køyrt i laussnø sidan den dramatiske opplevinga ved Østerbø i Aurlandsdalen i fjor.
- LES OGSÅ:
– Skrekken sit nok framleis i. Eg køyrer i preparerte løyper, men terskelen er høgare for å køyre i laussnø. Mogleg at lysta kjem att til våren når skredfaren roar seg, seier Hamnes i dag.
Såg ingenting
Ingen visste kvar Hamnes og Hannes tok turen, då dei oppsøkte bratte terreng og strålande skiføre. Dei skulle eigentleg kite, men vurderte det som for risikabelt. Dermed vart det snøbrett – og ein langt meir dramatisk tur enn planlagt.
Dei vurderte skredfaren fleire stader og fann til slutt ein stad dei meinte var trygg.
Eit stort snøskred losna og tok dei to kameratane fleire hundre meter. Hamnes vart dytta utfor ein skrent og flaug 40 meter nedover. Til alt hell tok snøbrettet av for tre og busker som kom i mot.
- LES OGSÅ: Overlevde 12 timar i snøskred
- LES OGSÅ: Lær deg å vurdere skredfaren
(Artikkelen held fram under TV-saka)
Etter den ville ferda vart han liggjande med ein arm og begge beina fri i snømassane.
- SJÅ OGSÅ:
– Eg såg ingenting. Hika etter pusten. Eg hadde snø i munnen og over ansiktet. Det var skikkeleg vanskeleg å få puste, men eg fekk litt luft så eg fekk ropt på kompisen. Men det kom ingen Hannes, kunne Hamnes fortelje til NRK etterpå
– Ta varsel på alvor
Hamnes vart liggjande i snømassane med ein arm og begge beina fri. Etter tre timar kom hjelpa. Dei to kom frå det utan fysiske skader, men skrekkopplevinga sit framleis i. Han har for alvor lært seg at naturkreftene er ikkje noko ein leikar med.
- LES OGSÅ: Rekordmange går på skredkurs
- LES OGSÅ:
– Opplevinga har lært meg kor viktig det er med rett utstyr, og ikkje minst skredsøkjar. Det er heller ikkje nok at folk veit kvar ein er. Nokon bør også følgje med på avstand om noko skulle skje, seier han.
Det blir meldt om stor snøskredfare over store delar av landet som følgje av mildvêr, sterk vind og store nedbørsmengder.
– Ein må ta snøskredvarsel på alvor, oppmodar Hamnes.
Sida revna som eit ark
Det er også Christina Kvamme frå Førde samd i. For fem år sidan vart ho og ei veninne teken av snøskred ved Turtagrø i Luster. Dei hadde ingen mobiltelefon, ikkje utstyr eller varsla nokon om turen.
- LES OGSÅ:
Då var det ettermiddag. Kvamme og veninna var nett komne fram til hotellet og skulle berre ta «nokre svingar». Turen var ikkje planlagd. Dei sprang opp, nesten til toppen.
- LES OGSÅ:
– Veninna framfor meg sa «faen». Så revna heile sida som eit ark under oss. Vi for nedover under snøen. Det var som ei berg- og dalbane. Det var raskt og intensivt. Du fekk eigentleg ikkje med deg kva som skjedde, fortel ho.
Kjenner seg ikkje trygg
Denne vinterferien er Kvamme også på ski. Men i skitrekket i Hemsedal har ho langt fastare snø under skia, enn det ho hadde i fjellsida ved Turtagrø for fem år sidan.
– Det er veldig lett å tenkje at det ikkje skjer meg. Mange utfordrar lagnaden i laussnø, og det forstår eg veldig godt. Sjølv om du trur det går greitt, så kan det skje den beste. Det er det ingen tvil om, seier ho.
Ho kjenner seg framleis ikkje trygg i fjellet.
– Det kom veldig uventa på oss. Det sit godt i kroppen framleis. Eg kjenner meg ikkje trygg i fjellet i det heile, fortel ho.