NRK Meny
Normal

Jo, det er faktisk ti år sidan han sist hadde ski på beina...

Hadde du trudd at Nils Olav Kongsvik ikkje har hatt hoppski på beina på år og dag? No er 61-åringen fersk verdsmeister i skihopping for veteranar.

Nils Olav Kongsvik jublar for VM-gull

JUBLA IGJEN: Nils Olav Kongsvik kunne sleppe jubelen laus for nok eit VM-gull - 19 år sidan sist.

Foto: Privat

– Det var moro å prøve ski etter gammalt, ler Nils Olav Kongsvik.

– Sist eg hoppa på ski var for ti år sidan – og då var det berre 10–15 hopp. Eg la eigentleg opp i 1997, forklarer han.

Han har med andre ord gjort eit comeback det verkeleg luktar svidd av. Torsdag gjekk han til topps i K30-bakken i Orkdal, og sikra seg VM-gullet i klasse 60–64 år.

Måtte operere ryggen – og då bestemte han seg

I fjor sommar gjekk Kongsvik gjennom ein mindre ryggoperasjon. Då bestemte han seg for at han skulle prøve seg i hoppbakken igjen. Som sagt så gjort. Gjennom vinteren har han trent styrke og spenst. Først for nokre veker sidan fekk han seg nokre treningshopp i VM-bakken – elles har han ikkje hatt treningshopp i det heile teke.

– Ein gløymer ikkje gamle kunstar så lett. Det sit mentalt ganske bra lagra, seier hopparen og forklarer:

– Når ein har lært å sykle, så gløymer du ikkje det så fort. Og det blir det same med skihopping også. Det som er viktig er å halde seg i form.

Nils Olav Kongsvik i Botnabakken på 80-talet

DEN GONG DÅ: Nils Olav Kongsvik strekte seg til 83 meter i Botnabakken i Angedalen i Førde. Det var lenge bakkerekord.

Foto: Erik Olsen

Har bilete av borna sine på skituppane

Kongsvik brukar dei same skia som han hadde inntil han la opp for 19 år sidan. No er utstyret 23 år gammalt. Men det fungerer framleis. Så vidt...

– Eine skia sprakk i tuppen under trening før konkurransen og måtte limast, ler han.

På kvar skitupp har han bilete av dei to borna sine. Dei har pryda skia i 23 år, etter at kona limte bileta fast før eit veteran-VM i USA i 1995. Bodskapen var at friskusen måtte vere forsiktig og komme uskadd heim att.

SJÅ TV-REPORTASJE FRÅ VETERAN-VM:

Denne uka arrangeres Veteran-VM i hopp og kombinert i Knyken i Orkdal. Veteraner fra ti land helt opp i åttiåra konkurrerer om å sveve så langt som mulig.

...og no vurderer han å kjøpe nytt utstyr

Også då han avslutta karrieren i 1997 gjorde han det med VM-tittel. No har han heile tolv VM-gull frå veteranmeisterskap i premieskåpet heime i Førde.

– Det er alltid kjekt å ta VM-gull. Og no er det såpass lenge sidan det førre, at eg verkeleg gler meg over det. Eg skal innrømme at det er moro, seier han.

– Eg har hatt veldig mykje kjekt i hoppbakken, og det er jo det som gjer at eg får lyst til å prøve igjen. Og så er det fantastisk moro å møte gamle kompisar igjen. No vurderer eg å kjøpe nytt hopputstyr, seier Kongsvik.

Etter to konkurransedagar i veteran-VM har utøvarar frå Sogn og Fjordane raska med seg ein fin bukett med medaljar. Per Birger Lomheim tok gull i 70-74-årsklassen, i tillegg til at han sikra seg bronse i kombinert. Både Ove Fredheim og Jon Ove Lomheim har teke sølv i kombinert i sine klassar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå