Hopp til innhold

Tok sin tredje EM-medalje på få dagar

Tarjei Bø har for alvor sikta seg inn mot VM-forma etter to strake gull i EM i helga.

tarjeiiii

GULLGLISET: Det var ingen tvil. EM-gullet på sundag skulle til Tarjei Bø.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

På laurdag tok han gullet i sprint, ti sekund framfor svenske Jesper Nelin. Det gjorde at Bø gjekk ut i tet under jaktstarten på sundag. Det blei raskt klart at ingen kunne hamle opp med Bø i sporet. Stryningen gjekk i mål 28,5 sekund framfor russiske Eliseev. På ein tredjeplass kom Håvard Gutubø Bogetveit.

Med gullet i jaktstart tok Bø sin tredje medalje under meisterskapen i Kviterussland. På torsdag tok han sølv på normaldistansen.

EM er første harde testen etter ein periode med mykje trening for å finne VM-forma. Den ser ut til å vere mykje betre enn venta.

– Det viktige er å kjenne at formkurva er rett inn mot VM, men når ein først konkurrerer, så ynskjer ein å stå på pallen, sa Bø på torsdag.

Fleire av dei største VM-favorittane droppa europameisterskapen, blant desse veslebror Johannes Thingnes Bø. Sjølv om storebror Bø kan kalle seg dobbelt europameister etter helga, så er veslebror Thingnes Bø storfavoritt på alle distansar under VM i Østersund frå 7.–17. mars. Han har vist seg å vere suveren i verdscupen denne vinteren.

Tarjei Bø

OVERLEGEN: Det var ein overlegen siger til Bø under jaktstarten på sundag.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix