Tok sertifikatet frå to deltakarar på luksusbiltur

Meldingane hagla inn til politiet om høg fart og farlege forbikøyringar då billøpet Atlantic Road Trip køyrde gjennom Vestlandet torsdag.

Atlantic Road Trip

MILLIONBILAR: 40 bilar og motorsyklar i millionklassen deltek i det eksklusive Atlantic Road Trip.

Foto: Atlantic Road Trip

– Det er gjort vart skriven ut tre forenkla førelegg for at skilta ikkje er montert, åtte førelegg for fart og to førarkortbeslag, seier Odd Arve Solvåg som er operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Fem av førelegga for fart vart skriven ut i Stryn og tre i Flåm. I Flåm vart to førarkort inndratt og dei som ikkje hadde skilt vart stoppa på riksveg 5 i Sogndalsdalen.

I går gjekk politiet hardt ut mot løpet Atlantic Road Trip etter at ein deltakar var involvert i ei alvorleg trafikkulukke der ein personbil kolliderte med ein motorsykkel i Kvinnherad i Hordaland.

Mange telefonar

Atlantic Road Trip er ein organisert biltur som går på offentlege vegar i Danmark, Noreg og Sverige.

Måndag starta dei i København og dei 40 deltakarane skal innom Larvik, Rosendal, Valldal og Trondheim før dei avsluttar i Stockholm.

I Sogn og Fjordane mista to utanlandske sjåførar førarkortet då dei køyrde i 133 og 131 km/t på E16 i Flåm.

– Vi fekk mange telefonar om hasardiøs køyring som var til fare for andre trafikantar. Vi valde å ha patrulje i området dei køyrde, seier Solvåg.

– Vi fekk tips frå kollegaene våre i Hordaland om at dei var på veg oppover og sende ut ein patrulje.

Fleire ringde inn til politiet og melde frå om sjåførane.

– Meldingane gjekk på at det vart gjort forbikøyringar i svingar og på plassar der det kom bil i mot, seier Solvåg.

Ein liknande tur vart arrangert i juni, også då vart fleire melde for å køyre langt over fartsgrensa.