Hopp til innhold

– Dei har ikkje noko bak eit bilratt å gjere

Politiet var langt frå nøgde då dei stoppa ein promillekøyrar under «Aksjon skulestart». Over heile landet har politiet i dag sjekka tusenvis av bilførarar.

Espen Gulliksen

IKKJE NÅDIG: Tenestestadleiar for politiet i Bremanger, Espen Gulliksen, lovar at dei vil halde fram med kontrollar langs skulevegane denne veka.

Foto: EIRIK JOHNSEN / NRK

I Svelgen i Bremanger var politiet tidleg på pletten for å sjekke bilførarar på skulevegen i bygda. Kort tid etter at kontrollen var i gang, kom det første resultatet.

– Vi hadde 24 som måtte blåse, der ein fekk utslag på såkalla lågpromille, fortel politisjef i Bremanger, Espen Gulliksen.

Han reagerer sterkt på at nokon tek sjansen på å leggje ut på vegen med promille, ikkje minst den dagen då alle bør vite at det er første skuledag.

– Dei har ikkje noko bak eit bilratt å gjere, slår Gulliksen fast.

Bilføraren blei tatt med til lege for blodprøve.

– Er det så positivt som alkometeret viste, så kan han nok vente seg ein reaksjon frå politiet, seier Gulliksen.

Vest politidistrikt melder måndag at dei har gjennomført mange trafikkontrollar i samband med skulestarten.

– At politiet er tilstades og kontrollerer blir opplevd som eit positivt og betryggande tiltak, skriv politiet på Twitter.

Laster Twitter-innhold