NRK Meny
Normal

Tok nevane fatt på Handelshuset

Politiet rykte i ettermiddag ut til eit slagsmål ved Handelshuset i Førde.

Politiet rykte ut til slagsmål ved Spar på Handelshuset i Førde.

RYKTE UT: Det var roleg på staden då politiet kom fram til Handelshuset i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein person i 20-åra fekk lettare skade i ansiktet etter slagsmålet som fann stad like før klokka 17.

Politiet opplyser at dei er kjende med identiteten til kamphanane. Ein har så langt ikkje vore i kontakt med den som blir opplyst å vere gjerningsmann.

Det blir også opplyst at saka blir meld.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast