Hopp til innhold

Tok førarkortet frå tre - fjerdemann slapp så vidt med bot

Berre ein av dei fire yrkessjåførane som Statens vegvesen i natt melde til politiet, fekk køyre vidare. Først etter å ha godteke ei saftig bot.

Kontrollstasjonen på Håbakken

KONTROLL: Kontrollen ved Håbakken i natt avdekke fleire grove brot på køyre- og kviletida hos fire utanlandske yrkessjåførar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det var under ein kontroll ved Håbakken i Lærdal at Statens vegvesen avdekka grove brot på køyre og kviletida natt til i dag.

Hovudregelen er døgnkvile på 11 samanhengande timar, eller minst tre pluss ni timar kvart døgn. Den kan også reduserast til ni timar maks tre gonger mellom to vekekvilar.

– To av dei vi stogga var i underkant av to timar. Då smell det verkeleg hardt, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal og ristar på hovudet.

Slapp så vidt med ei bot

Thormod Gausdal på kontrollstasjonen i Lærdal

LEIAR: Thormod Gausdal seier døgnkvil på under to timar ikkje er anna enn trafikkfarleg. – Kor vaken er du eigentleg då? Kvar er merksemda, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

To av yrkessjåførane vart fråtekne retten til å køyre på norske vegar dei neste tre månadane. Den eine i ni månader. Eine yrkessjåføren godtok ikkje at politiet tok førarkortet frå han, og blir halden tilbake til tingretten avgjer lagnaden hans.

Fjerdemann fekk ei bot på 10 000 kroner, som han godtok. Men det var på nippet at ikkje også han mista førarkortet.

– Dei hevda at ein «hjelpande engel» køyrde vogntoget, medan dei sjølve låg i bilen og sov. Det er ikkje godkjent som døgnkvil, seier Gausdal.

Finn ikkje ord

Yrkessjåførane bak dei grovaste lovbrota var frå Tyskland og Nederland. Dei to siste var frå Aust-Europa.

Gausdal seier at dei ofte ser førarar som køyrer på andre sjåførkort for å køyre mest mogleg. Andre nyttar magnet for å setje heile registreringa ut av spel.

Han seier at trøytte sjåførar og tunge køyretøy er ein dårleg kombinasjon på vegane.

– Har du køyrt åleine, så er ikkje dette berre konkurransevridande. Det er så trafikkfarleg at eg finn ikkje ord for det, held han fram.

Betre rusta

Ein utanlandsk sjåfør køyrde også med breiare last enn det dispensasjonen gav løyve til, men med fornya dispensasjon i dag fekk han køyre vidare. Gausdal har inntrykk av at vogntoga no er langt betre skodde enn tidlegare.

– Vi har hatt vogntog som har måtte skifte dekk for 70 000 kroner, og fått 750 kroner i gebyr for kvart ulovlege dekk, før dei får køyre vidare frå Håbakken. Men generelt har eg inntrykk av at dette er blitt veldig mykje betre, seier han.

I kveld er to vogntog stogga ved Borlaug då desse ikkje var godt nok rusta til å køyre austover over fjellet. No blir det kjettingpåbod ved Borlaug.