Hopp til innhold

Tok kvelartak på ein annan mann

No må sunnfjordingen i fengsel for dette, samt ei rekkje fleire lovbrot.

Fjordane tingrett

MÅ SONE: Ein sunnfjording i 20-åra må i fengsel for vald, køyring utan førarkort og bruk av falske bilskilt.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Mannen i 20-åra var på fest med vener då han tok kvelartak på ein annan mann, slik at han opplevde vanskar med å puste.

Basketaket mellom dei to mennene oppstod då fornærma ikkje ville vere med sunnfjordingen og resten av gjengen vidare for å halde fram festen. Fornærma har forklart at den tiltalte også hadde slege han to gonger i ansiktet, men Fjordane tingrett har ikkje funne gode nok bevis for dette.

Retten meinte derimot at det var gode nok bevis på at han hadde teke tak rundt halsen til kameraten, men at han slapp taket med ein gong fornærma sa han ikkje fekk puste.

Køyrde utan førarkort

Mannen er også dømd for å ved fleire høve ha køyrd bil utan å ha gyldig førarkort. Den eine gongen var det ein lastebilsjåfør som melde det inn til politiet, etter mistanke om uaktsam køyring som førte til eit trafikkuhell.

Her hadde sunnfjordingen teke bilen til nokon andre utan at eigaren visste om det. Men fordi det var vanskeleg føre på vegen, meinte retten at ein ikkje kunne bevise at uhellet skjedde fordi sunnfjordingen har køyrt uaktsamt.

Han er likevel dømd for å ha køyrd utan førarkort, både den gongen og ved fleire høve. I tillegg er han dømd for å ha nytta falske skilt på bil.

Må i fengsel

No er sunnfjordingen dømd til fengsel i 45 dagar, 30 av dei på vilkår med ei prøvetid på tre år.

Fordi mannen aldri har hatt førarkort kan han ikkje tape retten til å køyre bil, skriv retten. Han slepp også unna ein sperrefrist som hindrar han i å skaffe seg førarkort dei første åra, slik aktor bad om.

Mannen er domfelt fleire gonger tidlegare, då også for vald og å ha køyrd bil utan gyldig førarkort.