Hopp til innhold

Tok hand om rusa bilførarar

To gonger i løpet av natta måtte politiet ta seg av rusa bilførarar i fylket

politi illustrasjon

POLITINATTA: Måtte ta seg av rusabilførarar og brann på bad.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Ved eitttida i natt kom politiet i Flora over ein bil i Vågavegen med ein rusa bilførar. Bilen hadde knekt bakaksel og politiet meiner den har vore involvert i eit trafikkuhell. Føraren vart teken med for blodprøve.

Halvannan time vart nok ein bilførar stogga i Flora mistenkt for ruskøyring. Denne gongen i Kinnvegen . Også denne føraren vart teken med for blodprøve.

Ved to-tida køyrde ein bil i grøfta mellom Bryggja og Årheim. Bil hadde sommardekk og politiet har mistanke om promille. Det var to personar i bilen då politiet kom til staden, og begge vart tekne med for blodprøve.

Ved tre-tida i natt vart det meldt om brann på ei bad i eit bustadhus i Vik. Ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser dei at brannen truleg har starta i ei vifte. Dei som budde i huset hadde fått kontroll på brannen sjølve då brannmannskapa kom til staden. Ein av dei som budde i huset vart sendt til sjukehus for sjekk etter å ha pusta inn røyk. Huset har fått røykskadar men elles er det ikkje meldt om større skadar.