NRK Meny
Normal

Tok gull under Special Olympics

Marcus Haus (20) frå Nordfjordeid vann gull på 100 meter fristil under Special Olympics World Summer Games i Los Angeles.

Marcus Haus

JUBLANDE GLAD: Marcus Haus har allereie starta medaljesankinga, og han har to øvingar att under Special Olympics i Los Angeles.

Foto: Karl Filip R. Singdahlsen

Haus, frå Eid symjeklubb, er ein av 28 norske utøvarar som skal forsvare dei norske fargane under arrangementet, og det heile starta bra for 20-åringen.

– Det er det største eg har opplevd, fortel Haus til idrett.no.

Nådde målet

Marcus Haus

TO MEDALJAR PÅ TO DAGAR: Allereie under Special Olympics i Athen i 2011 tok Marcus Haus to bronsemedaljar på to dagar.

Foto: Hildegunn Helleset

Under Special Olympics møtast 7000 utøvarar frå 177 land for å konkurrere om gjeve medaljar.

Haus hadde høgt tempo og gode vendingar under konkurransen, noko som haldt til gull. Dette hadde han tidlegare same dag sagt var målsettinga.

– Eg bestemte meg for å køyre hardt frå start. Dette var utruleg kjekt, det største eg har opplevd, seier Haus.

Møtte idolet

Tidlegare i meisterskapen fekk han møte sitt idol, symjaren Michael Phelps. Phelps er tidenes mestvinnande sommar-olympiar med 18 gull, to sølv og to bronse.

Dersom Haus hadde møtt idolet sitt etter at han tok gull veit han kva han ville ha sagt.

– I dag hadde eg slått deg, fortel symjaren.

Eidaren skal symje finale i 200 meter fristil på onsdag og finale i 100 meter medley på torsdag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.