Hopp til innhold

Tok førarkortet frå åtte påsketuristar

Det er ikkje berre tusenvis av påsketuristar som har vore på vegane siste veka. No har Utrykkingspolitiet på Vestlandet summert opp sin aktivitet.

Terje Oksnes, UP

DISTRIKTSLEIAR: Terje Oksnes i Utrykkingspolitiet er nøgd med at det er lenger mellom dei store fartsoverskridingane.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Seks bilistar mista førarkortet grunna høg fart, og to bilførarar meldt for mistanke om rus.

I tillegg fekk 256 bilførarar forenkla førelegg for høg fart. Og ytterlegare 22 fekk forenkla førelegg for andre lovbrot. Seks førarar blir meldt for å ha køyrt bil utan å ha førarkort.

– Det har vore stor trafikk, men tilbakemeldingane er at det har gått roleg føre seg. Både i går og i dag var det få overskridingar, seier distriktsleiar Terje Oksnes i Up.

Færre beslag

Påska fekk i førre veke ein trist start i Sogn og Fjordane med 15 personar involverte i fleire ulukker. I Florø omkom ein ung gut, medan den kvinnelege passasjeren vart sendt til sjukehus med alvorlege skader.

Trygg Trafikk frykta langt fleire ulukker gjennom påska.

I løpet av påska i fjor avdekka Up 314 fartsoverskridingar. Av desse var 13 førarkortbeslag.

Oksnes seier at UP i år hadde fleire sivile bilar, men noko færre laserkontrollar.

– Det er gledeleg å sjå at fartsoverskridingane er i lågare sjikt. Det er færre beslag. Med laser tok vi 13 førarkort i fjor, mot to i år, seier Oksnes.

Luka ut bilistar

Kontrollane i Sogn og Fjordane avdekka svært få fartsoverskridingar. Og ingen førarar mista lappen. Onsdag før påske fekk ein bilførar forenkla førelegg ved Norevik i Høyanger.

I ettermiddag fekk fem bilførarar forenkla førelegg på E39 ved Svidal i Jølster.

– Det er uvanleg lite, men det har vore tett trafikk. Mange av dei som er tekne, vart tekne på forbikøyringar, seier Oksnes og legg til at dei ved Svidal luka ut nokre bilistar som laga kø.

– Vi gjer det for å unngå farlege forbikøyringar bakover i køen, seier Oksnes.

134 km/t

Flest fartsoverskridingar på Vestlandet gjorde dei palmefredag ved Bjørsviktunnelen i Lindås i Nordhordland. I ei 70-sone avdekka UP 70 fartsoverskridingar.

– Tett trafikk er truleg ei medverkande årsak til at det ikkje har vore fleire fartsoverskridingar, seier Oksnes som før helga oppmoda bilistane om ikkje stresse i påsketrafikken.

Høgste målte fart i påska var ein motorsyklist i Voss. Målinga viste 134 km/t i 80-sona.