Hopp til innhold

Vann første kvalifiseringskamp, men vil ikkje snakke 1. divisjon

Førde sine handballdamer slo Fjellhammer 26–22 i første kvalifiseringskamp til 1. divisjon. Men trenar Øyvind Indrebø nektar for at dei står med ein fot på nest øvste nivå.

Førde handball

SIGRA: Førde sine handballjenter tok godt vare på ekstrasjansen dei fekk til å klare opprykk til 1. divisjon. Med siger torsdag er spelarane over første hinder mot eit opprykk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Heimelaget leia 11–10 til pause, men sunnfjordingane kom kraftig tilbake og sikra seg firemålssiger.

Returoppgjeret går neste torsdag i Førdehuset.

– Vi gjer ein god forsvarskamp og fekk eit godt utgangspunkt i Oslo med fire mål. Eg skulle ønske eg kunne seie vi har ein fot i 1. divisjon, men kvalifiseringa går over to kampar, og alle veit at det kan snu fort i handball, seier trenar Øyvind Indrebø.

– Eit godt utgangspunkt

Øyvind Indrebø

NØGD: Trenar Øyvind Indrebø var nøgd med det han fekk sjå mot Fjellhammer. – Men vi har framleis meir å gå på kollektivt i angrep. Der må vi heve oss nokre hakk til neste torsdag, seier han.

Foto: Alf Vidar Snæland

Trenaren strekkjer seg så langt som å skildre resultatet som eit godt utgangspunkt til returoppgjeret. Kampen i Lørenskoghallen var jamn, der heimelaget tok kommandoen i målprotokollen.

– Andre omgang er mykje lik første. Vi er tre mål bak på 20-17, så kjem vi opp på 20–20 og får ein god periode til 23–20. Derifra og ut er det heilt jamt. Heldigvis fekk vi den fjerde scoringa å gå på, seier han og legg til:

– Og det kan fort bli jamt i Førdehuset også. Utgangspunktet er godt, men vi har ein tøff kamp att.

To toppscorarar

Førde fekk ekstrasjanse til å spele 1. divisjon kommande sesong, då Selbu valde å trekkje laget sitt. Som dei beste tapande finalistane frå kvalifiseringa i april, fekk Førde og Fjellhammer kjempe om plassen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde handball slo Fjellhammer

KLARE: Handballjentene klare til første kvalifiseringskamp mot Fjellhammer.

Foto: Oddny Sønnesyn

Mot eit Fjellhammer-lag som satsar hardt på å klatre i divisjonssystemet, vart Aleksandra Baesu og Martine Vindheim toppscorarar med seks mål kvar.

– No er v i både letta og glade. I helga skal vi førebu oss til neste torsdag med turnering. Men returkampen startar på 0-0, og vi skal vinne igjen, seier han og rosar Camilla Ulvik Stenseth sitt målvaktspel i Oslo.

God keeper

– Vi vinn takka vere eit veldig godt forsvar, noko 11 bakover i første og 11 bakover i andre omgang viser. Og ikkje minst på grunn av ei svært, svært god Camilla Stenseth heilt bakarst. Ho var «outstanding» i dag, seier han.

– Det er slik i handball at dersom ting fungere bakover, så avheng forsvaret av ei god målvakt og ei god målvakt avheng av forsvaret. Det er det som skjer i dag, seier han.

Gresk debutant

Mot Fjellhammer fekk Indrebø sjå greske Eleni Pimenidou i sving for første gang i ein obligatorisk kamp.

– Ho spelte både høgre back og linje. Leverte bra, men vi har nok ikkje sett det beste av henne endå, seier han og førebels ikkje vil ta stilling til om Førde har mannskap sterkt nok til å konkurrere i 1. divisjon.

– Spelarstallen er ikkje tema no og eg vil ikkje spekulere i endringar i spelargruppa. Men sesongoppkøyringa, treningsmengda og opplegget elles, så meiner eg vi opptrer som eit 1. divisjonslag, avsluttar han.