NRK Meny
Normal

Sikra seg bronse etter to års intens planlegging

I løpet av ein tøff konkurranse sikra Noreg sitt kokkelandslag for juniorar to gull, men dei måtte likevel sjå seg slått på målstreken.

Martine Røys Fosse

MEISTER: Martine Røys Fosse frå Kalvåg kan smykke seg med bronse i kokke-VM for juniorar. Det norske kokkelandslaget for juniorar imponerte dommarane stort, her med langtidsmodna indrefilet frå Sogn og Fjordane.

Foto: Martine Fosse

– Akkurat no er det veldig herleg. vi har jobba ganske hardt ganske lenge for å kome dit. Eg er veldig sliten og veldig glad. Det vi leverte var fantastisk, seier Martine Røys Fosse frå Kalvåg.

Ho er ein av ni medlemmar i det norske juniorkokkelandslaget, som etter mange dagar med førebuingar og knallhard konkurranse om å servere den beste maten, kunne smykke seg med bronsemedalje.

Med seg i bagasjen kunne dei unge kokkane også pakke to gull, i kald- og varmmat. Kampen i teten var tett, og Sveits kapra gullet medan Sverige stakk av med sølv samanlagt. På menyen diska det norske laget mellom anna opp med indrefilet av okse frå Sogn og Fjordane, torsk og rømmemousse med norske eple til dessert.

To års hard jobbing mot målet

Kampen om medaljane var særs tett, og framleis har ikkje laga fått vite kva poengsummar dei fekk, og kor små marginar som skilde dei tre laga på pallen. Dermed var det duka for ei særs spanande premieutdeling.

– Det var høg puls og hjarte i halsen. Det er litt bittert at så lite truleg skil oss frå høgare plassering, men det er jo noko av det som er så spanande med dette også, seier Martine, som er på veg heim til Noreg.

No ser ho fram til å slappe av, for førebuingane til konkurransen har vart i to år. Dei har planlagt og lagt til rette i eitt år med å finne produkt og teste. Når dei fann noko bra så la dei all innsats ned på å perfeksjonere det. Det siste året har berre handla om detaljar.

– Fram mot konkurransen har det vore samlingar og trening, i tillegg til full jobb. Dei siste to månadane har vore knallharde med mykje jobb og lite søvn, seier bronsevinnaren.

Martine dobbeltsjekkar at alt er perfekt.

VIKTIG AT ALT ER RETT: Martine dobbeltsjekkar at alt er perfekt.

Foto: Mariann Fosse

Ei fantastisk oppleving

Familien til Martine hadde også teke turen til Luxembourg for å følgje konkurransen. Dei fortel om enorme førebuingar før konkurransen kunne ta til.

– Dei har jobba i sine vanlege jobbar på dagtid, førebudd seg til konkurranse kveld og natt og berre sove nokre få timar. Dei testa også å «døgne» for å sjå korleis dei ville klare det, seier faren, Svein Inge Fosse.

Dei vart imponerte over all energien som vart lagt ned og dei kunstnarlege rettane som vart serverte. I salen var det stor stemning, og ei hås stemme tyder på at Fosse sjølv brukte stemmebanda godt for å heie fram det norske laget.

– Eg overdøyvde heile hallen når eg sette i gong, vi måtte jo heie høgare enn meksikanarane, seier han med røysta som så vidt ber gjennom telefonen.

– Det var kanskje 1500 menneske på avslutningsseremonien, 700 med kokkehattar. Det er ikkje kvar dag ein ser. Eg er utruleg imponert over innsatsen, for det har verkeleg vore eit slit, seier ein stolt far, Svein Inge Fosse.

Alt skal stemme for kokkelandslaget i kampen om VM-tittelen.

TIMING: Alle må prestere på topp i sine oppgåver for at maten skal bli best mogleg og vere klar i tide.

Foto: Mariann Fosee

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser