Hopp til innhold

Ungdommar stilte til foto-session i bikini i minus 18 grader

Ungdomsgjengen frå Sogndal og Luster var ikkje tunge å be då Sogn skisenter ville ta litt over snittet spenstige bilete. Men minus 18 grader merkast når alt du har på deg er bikini.

– Det er det desidert kaldaste eg har vore med på, fortel Thea Øvregard Rhøme (18).

Saman med Joar Frækaland, Armando Navarro, Sarah Fiskaa Haugen og Kristian Slåen Norns tok ho førre helg turen til topps ved Sogn skisenter på Heggmyrane på Hafslo, medan sola sleikte sine første stråler over fjelltoppane.

– Vi tok heisen heilt til topps, og så gjekk vi eit lite stykke bort til ein liten kolle, fortel Rhøme.

Tok utfordringa på strak arm

Vel vitande om at kulden beit både her og der, var ungdommane medvitne på at dei måtte ha klart for seg kva dei skulle gjere når vinterkleda var av.

– Vi var ikkje veldig interesserte i å vere utan klede lenger enn nødvendig, ler Rhøme.

Og det stadfestar Joar Frækaland (18).

– Det var litt kaldt, ja, men det var ei kjekk utfordring, seier Frækaland.

Ungdommane er til vanleg ofte å sjå i skibakken på Hafslo, og ingen av dei brukte særleg lang tid på å takke ja til utfordringa frå styreleiar ved skisenteret, Øystein Veum, stod bak ideen.

Melde minus 8, vart minus 16

– Han spurde om vi torde, og det kunne vi jo ikkje svare nei på, seier Frækaland.

Likevel var det ting som endra seg litt undervegs.

– Då eg sa ja, sa vêrmeldinga at det skulle bli minus 8. At det skulle bli over dobbelt så kaldt, hadde eg ikkje trudd, seier Frækaland.

Veum let vel over dei spenstige ungdommane som kasta seg ut i det, sjølv om det kanskje var i kjøligaste laget.

– Dei er ein kjempegjeng, og det var utruleg sporty gjort, seier Veum.

Bileta er eit ledd i å skape merksemd rundt endring av opningstider ved Lustrabadet.

– Vi har heile tida ønskt å få på plass eit tettare samarbeid med Lustrabadet. Og då tenkte vi at å stille i badeklede på toppen av skitrekket kunne vere noko, seier Veum.

Først ski, så bading

Til no har det vore slik at det har vore vanskeleg å nå eit bad på det nye badeanlegget i Gaupne ein laurdag, dersom ein har brukt storparten av dagen i skibakken.

Men det skal det bli endring på no.

– Før har ein måtte velje, men no skal det la seg gjere å først ha heile dagen i bakken, og så bade etterpå. Det blir stas, seier Rhøme.

Sjølv kom ho frå fotograferinga utan sjukdom. Fullt så heldig var ikkje Frækaland.

– Eg og han eine andre vart ganske forkjøla, ja, trass i at vi varma oss godt i varmestova etter fotograferinga. Men forkjøla blir ein jo uansett, så det gjer ingenting. Artig var det iallfall, seier Rhøme.