Hopp til innhold

Frode (26) er den kjappaste sms-tastaren i heile Norge

Frode Ness vann laurdag NM i sms-tasting for 2013. Dermed er førdianaren norgesmeister både på smartmobil og på mobil med tradisjonelle tastar.

Frode Ness tastar

TAST OG TRYKK: Frode Ness tasta som ein villmann i finalen. Det heldt heilt inn.

Foto: FOTOGRAF STIAN BROCH

– Eg er utruleg glad, dette var kjekt, seier førdianaren etter gårsdagens bragd under finalen i Oslo City.

I konkurranse med seks andre tasta han setninga «The razor-toothed piranhas of the genera Serrasalmus and Pygocentrus are the most ferocious freshwater fish in the world. In reality they seldom attack a human.» på berre 25,16 sekundar i finalen.

Det er over tre sekundar raskare enn vinnartida frå i fjor.

– Eg er godt nøgd. Eg klarte å halde nervane i sjakk. Det er i grunnen det som er det vanskelegaste. Blir ein litt heit i toppen så er det fort at det blir feil, seier Ness.

Var jamn konkurranse

Fire av dei sju finalistane har også vore med i finalen tidlegare år, og oppgjeret vart spennande.

– Det var hard kamp og ekstremt jamnt. Men eg var stabil i alle rundane, og det heldt heilt inn, seier Ness.

Johathan Luu (17) frå Lillesand gav hard konkurranse heilt inn, men Ness trekte det lengste strået.

(Artikkelen held fram under biletet)

Finale mellom Jonathan Lu og Frode Ness

KONSENTRERTE: Her er f.v. Jonathan Luu frå Lillesand og Frode Ness i den avgjerande finalen.

Foto: FOTOGRAF STIAN BROCH

Vart verdas raskaste i 2010

Det er tredje gongen Ness stiller i NM i sms. I 2010 stakk han også av med rekorden, og den gongen vart det offisiell verdsrekord også. Førebels er det ikkje noko offisiell verdsrekord i touch-telefon-tasting.

I fjor spelte nervane han eit puss i finalen, så tittelen frå 2010 rauk.

– I 2010 var det på vanleg gammaldags tastetelefon. Men i fjor var det første år med touch-telefon. Eg hadde berre hatt slik telefon ein månad, så eg hadde svært lite trening då, seier Ness.

Han rangerer årets siger over den frå 2010.

– Det er ei større bragd å skrive fort på smart-mobil enn på mobil med tradisjonelle tastar. Det er fortare å skrive feil når ein skriv på touch-skjerm, seier Ness.

Vil til Old Trafford

I tillegg til heider og ære, fekk førdianaren ein sjekk på 50.000 kroner. Og dei kjem godt med.

– Eg har lyst til å ta ein tur til England for å sjå Manchester United spele. Men det blir vel att litt pengar sjølv om eg gjer det. Men eg er også på bustadjakt, så pengane kjem godt til nytte, seier Ness.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frode Ness og premien

RASKE PENGAR: Frode Ness med sjekken som syner at han på ein god time tente 50.000 kroner på sine kjappe fingrar.

Foto: FOTOGRAF STIAN BROCH

Jobbar som ingeniør

Men viss du trur Ness sit og tastar for harde livet året gjennom for å bli best når det gjeld, så tek du feil.

– Nei, i den grad eg tastar elles, så er det berre vanlege meldingar til vener og kjende. Eg tok ikkje til å trene før ein månad før NM, seier Ness.

Til dagleg jobbar ingeniøren hjå Hellenes AS i Førde.

Sjølv om han no kan titulere seg som norgesmeister i tasting både på tradisjonell mobil og på smart-mobil, utelukkar han ikkje at han stiller på fleire NM.

– Vi får sjå. Blir det NM neste år, så stiller eg sikkert viss eg kan. Det er jo litt moro, seier Ness.

At han er spesielt fingernem elles, er han litt usikker på.

– Tja, eg er jo rask på data for så vidt. Men det blir to ulike ting. Her brukar ein berre tomlane, og dei brukar eg nesten ikkje når eg skriv på data, seier den smålåtne vinnaren.

Er Guiness som har bestemt setninga

Oppgåva er den same kvart år. Den kronglete setninga er det Guinness rekordbok som har komme opp med. Det er ein standardisert setning som ein nyttar over heile verda til denne type konkurransar.

Viss du vil teste om tastefingrane er i storform på ein søndag, eller om du vil leggje deg i hardtrening til neste års NM, så er altså setninga:

“The razor-toothed piranhas of the genera Serrasalmus and Pygocentrus are the most ferocious freshwater fish in the world. In reality they seldom attack a human.”

Og den bør du taste på under 25,16 sekundar....