NRK Meny
Normal

Tøffe vilkår for vindaugefabrikkar

Vindaugefabrikkane i Nordfjord, som til saman har over 200 tilsette, hadde eit tøft år i fjor. Hard konkurranse frå utlandet får skulda.

Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid

HARD KONKURRANSE: Vindaugefabrikkane opplever tøff konkurranse frå utanlandske bedrifter. Norgesvinduet i Eid har tapt åtte millionar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Norgesvinduet, som driv to fabrikkar i Eid, tapte millionar på drifta i fjor

– Det er fyrst og fremst konkurransesituasjonen og lave prisar i marknaden som er årsaka. Vi opplever ein heilt annan konkurransesituasjon no, seier dagleg leiar Roald Starheim.

Trur på betring

Roald Starheim, dagleg leiar i Norgesvinduet Bjørlo

NEGATIVT RESULTAT: Dagleg leiar Roald Starheim i Norgesvinduet starta året med negativt resultat, men håpar dei kan ta att litt av det tapte.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I takt med dårlege tider i Europa har austeuropeiske fabrikkar tatt opp konkurransen i den norske marknaden, og dermed pressa prisane nedover. I fjor tapte Norgesvinduet sine to fabrikkar i Eid i alt åtte millionar kroner.

Norgesvinduet har 150 på lønslista i Eid, etter fleire år med overskot merkast det at marginane har blitt pressa dei siste åra. Starheim, som også eig halve verksemda, trur resultatet for i år vil bli betre.

– Akkurat no er vi i balanse, men vi hadde lågare prisar i vinter, noko som førte til at vi starta året med negativt resultat. Så vi får sjå om vi klarar, og eventuelt kor mykje vi klarar å ta att, fortel han.

Har permittert tilsette

Rune Sætren

UTFORDRANDE: Dagleg leiar Rune Sætren i Nordvestvindauget fortel at det er eit enormt fokus på pris i marknaden.

Foto: Privat

Også Nordvestvinduet i Almenningen i Vågsøy tapte pengar i fjor, årsresultatet vart 4,2 millionar kroner i minus.

– Bakteppet er at bransjen generelt opplever utfordrande tider. Det er eit enormt fokus på pris, og mykje av det skuldast import frå polske selskap. I tillegg skuldast det import frå norske selskap som produserer i utlandet, seier dagleg leiar Rune Sætren.

Nordvestvinduet har i mange år hatt sterk vekst og tent godt med pengar. Sætren seier dei vil stå på framover for å skape lønsemd.

– Våren har vore litt stille. Vi har måtte permittert nokre og sagt opp nokre stillingar, men det er like mykje for å kunne redusere kapasiteten vår, samt administrativt å kunne tilpasse oss kostnadsnivået, seier Sætren.

Mange ordrar, men lave prisar

Roald Starheim ved Norgesvinduet har også tru på at 2015 blir eit betre år enn i fjor, Ordreinngangen har nærmast vore rekordstor denne våren, så dei mange tilsette har nok å gjere. Utfordringa er å tene nok pengar på kvart vindauge når prisane er pressa.

– Vi har hatt mykje aktivitet denne våren, men det er lave prisar så det blir ikkje nokon stor økonomi ut av det. Vi satsar på å ha kompetansen med oss vidare, fortel Starheim.

Ein annan stor vindaugeprodusent, Bolseth glas på Sandane har ikkje offentleggjort årsresultatet enno. Men på nordsida av Nordfjorden trur både Sætren og Starheim at bransjen skal verre liv laga også i framtida.

– Vi får vår del har fokus på to ting; å få ned kostnadane, samt dokumentere kvaliteten, ikkje minst på miljøsida, seier Starheim.

– Målsettinga er å halde på våre tilsette og vere ein trygg og god arbeidsplass for dei. Vi skal vere smartare når vi jobbar, slik at vi tilpassar produksjonen vår til det marknaden har behov for, fortel Sætren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.