Hopp til innhold

Tøffe tider i transportnæringa

Fallande aktivitet og hard konkurranse gir tøffe tider i transportnæringa, seier Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport. Men han vil ikkje leggje skulda på utanlandske transportørar.

Trailer Thor Tenden Transport

MELLOMNØGD: Rolf Olav Tenden er mellomnøgd med eit 2014 med noko lågare omsetning, men noko betra resultat, i ein marknad med fallande aktivitet og hard konkurranse.

Foto: NRK

– Konkurransen er hard, og vi bør ikkje berre skulde på utlendingar. Der er vi like gode og dårlege kvar enkelt lastebileigar. Eg trur den interne konkurransen er med på å gjere at resultata til lastebileigarane i Sogn og Fjordane er svake, seier Tenden.

Han er dagleg leiar i Thor Tenden Transport, og legg bak seg eit 2014 med omsetning på 77,8 millionar kroner. Det er ein liten nedgang, men samstundes betra resultatet seg noko, til 1,9 millionar før skatt.

– Det hadde sjølvsagt vore ønskeleg å auka omsetnaden, for alle piler bør peike oppover. Men når eg ser at resultatet er litt betre, betyr det at vi har jobba litt betre med litt nedgang i inntekter, seier ein mellomnøgd Tenden.

– Ingen som verkeleg tener pengar

For det er tøffe tider for dei som lever av å transportere varer for andre, seier Tenden.

– Det er generelt svakt. Det er ikkje nokon som verkeleg tener pengar, men på same tid lever vi tett opp mot bedriftene og gjer ein god jobb for lokale bedrifter. Det viser at dei er konkurransedyktige, og då må vi vere ein del av det.

– Kvifor klarar de ikkje å auke inntektene?

– Vi køyrer for faste kundar, og lever med omsetnaden deira. Det viser seg at omsetnaden til lokale bedrifter har gått litt ned, og det gjer at vi blir med.

– E6 blir veldig dyr no

I tillegg til konkurranse og skjebnefellesskap med lokale bedrifter, står det å lese i årsmeldinga til selskapet at utgiftene til bompengar og ferjer har auka. Også det påverkar evna til å tene pengar.

– På E6, som vi brukar mykje, er det ein formidabel auke på kostnadane. Det er utgifter vi slit med å få dekning for med dei faste kundane våre, som er forskjellige småkundar. E6 blir veldig dyr no, seier Tenden.

Når det gjeld ferjekostnadar seier Tenden at den prosentvise auken generelt sett ikkje er så stor, men at det har auka i Sogn, som selskapet hans ofte vel,

Forventar ikkje betring i 2015

Resultata i 2013 og 2014 er veldig like. Og Tenden har ikkje store forhåpningar om eit betre 2015.

– Eg trur vi skal vere godt nøgde om vi greie å halde dei tala i 2015 som vi hadde i 2014, seier han, og legg til:

– Vi ser at det er fallande aktivitet i heile Norge og konkurransen er endå meir skjerpa. Utanlandske transportørar er også ein del av det, for dei kjem tettare inn også i Sogn og Fjordane.