Hopp til innhold

Tøffe tak om Astrupsenter

Det vart ein amper debatt om Astrupsenteret i ettermiddagssendinga.

Astruptunet

Eit planlagt besøkssenter i skaper debatt og splid i Astrupbygda.

Foto: NRK / NRK

Lokalpolitikar Atle Reidar Sandnes møtte tidlegare Venstre-politikar, og leiar for styringsgruppa som planlegg besøkssenteret ved Astruptunet, Atle Hamar, til debatt.

Ampert på lufta

Sandnes har ivra for å flytte senteret frå Astruptunet. Andre forkjemparar som ivrar for å flytte det planlagde senteret til 67 millionar kroner til Ålhus, har samla inn nær 1.000 underskrifter . Debatten i ettermiddagssendinga hadde temperatur. Hamar meiner at underskriftsaksjonen ikkje har vore i heile Jølster, og at Sandnes vinglar i sitt standpunkt.

Jølster kommune ynskjer å legge senteret i tilknyting til Astruptunet. Dette mellom anna av di at fasilitetane i heimen til den kjende kunstnaren Nikolai Astrup likevel må rustast opp.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Møter lita støtte

Kommune hadde håpa på 18 millionar kroner frå Kulturdepartementet, men fekk avslag på søknaden . I staden får dei råd om å gjere besøkssenteret billegare .

- Det er heilt naturleg at ein ser på økonomien i prosjektet. Det har samanheng med kor mykje statsmidlar det er mogleg å få ut, for dette er eit prosjekt som kostar mykje, sa statssekretær i Kulturdepartementet, Halvard Ingebrigtsen.

Om ikkje dette er nok, så har verken fylkeskommunen eller Sogn og Fjordane kunstmuseum besøkssenteret med i sine planar .