NRK Meny
Normal

Tøffe tak for kommunane

LEIKANGER (NRK): Berre kommunane i Finnmark kjem dårlegare ut av statsbudsjettet enn kommunane i Sogn og Fjordane. Liten vekst i folketalet kostar.

Martin Kulild

MINDRE PENGAR: Martin Kulild hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane trur det blir smalhans framover.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Sogn og Fjordane kjem ikkje spesielt godt ut samanlikna med 2015. seier Martin Kulild hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det vil truleg bli smalhans i kommunane framover.

– Det er berre Finnmark som kjem dårlegare ut enn oss, når det gjeld inntektsvekts neste år, seier Kulild.

Mot eit krevjande år

Med to unntak får kommunane i fylket mindre vekst i dei frie inntektene enn landssnittet.

– Det gjer at kommunane får store utfordringar med å tilpasse tilbodet til innbyggjarane. I ei tid der tal innbyggjarar vil gå ned, vil kommunane måtte justere ned tenestene, forklarar Kulild.

Det er ingen enkel øving.

– Eg trur det vert meir krevjande, seier han.

Martin Kulid orientere kommunane

STATSBUDSJETTDAG: Kulild orienterar ordførarar og rådmenn på Leikanger i dag.

Foto: Silje Guddal / NRK

To på topp og to på botn

Gloppen og Fjaler er dei kommunane som kjem best ut av kommunane i Sogn og Fjordane. Dei to får høgare vekst enn landssnittet med 5,1 og 5,2 prosent vekst i frie inntekter.

I den andre enden av skalaen ligg Solund og Hyllestad. Dei kan i realiteten vente seg ein reel nedgang i inntektene.

– Det vil vere krevjande å omstille seg til å få lågare inntekter enn prisveksten, seier Kulild.

Det er vanskeleg å vite akkurat kvifor desse to kommunane kjem dårlegast ut, men liten tal innbyggjarar spelar ei stor rolle.

– Solund har hatt ein folketalsnedgang, og det er openberr grunn. Men for små kommunar kan også alderssamansettinga ha mykje å seie, forklarar Kulild.

Viss du skal summere opp statsbudsjettet for 2016 for kommunane i Sogn og Fjordane, kva seier du då?

– Eg ville ønskt meg fleire innbyggjarar. Då hadde vi kome betre ut, seier Kulild.

Må finne andre midlar

Leiar i rådmannsutvalet, Terje Heggheim seier at Sogn og Fjordane på mange måtar er med på å finansiere veksten i kommunane med moderat og stor vekst.

Sogn og Fjordane veks mindre enn resten av landet. Kaka som er til fordeling er større, men når vi veks mindre, så får vi også ein mindre del av kaka, seier han.

Heggheim seier det vert ei utfordring å finne midlar til drive tenesteproduksjonen.

– Og dei midlane må vi ta av andre finansieringskjelder enn den som kjem frå statsbudsjettet.

To løysingar

For pengane følgjer innbyggjarane. Ein skule som misser elevar vil framleis trenge lærarane og vedlikehald av skulebygget.

Korleis skal ein takle dette?

Det er to moglegheiter. Det eine er å redusere kostnadane på andre område i kommunedrifta, slik at ein får pengar til den læraren, til dei bøkene og vedlikehaldet i klasserommet, seier Heggheim og held fram.

– Det andre er å sjå på om ein kan auke utgiftene. Det er her eigedomsskatt og andre avgifter for kommunane har blitt aktuelt fordi ein ser at ein ikkje kjem utanom.

Vanskeleg oppgåve

Heggheim seier at han på vegner av kommunar med god vekst, kan glede seg, men for KS som er ein interesseorganisasjon for alle kommunar, vert denne oppgåva vanskeleg.

I fjor låg seks kommunar over streken for landsgjennomsnittet, i år er det berre to. Medan det i den andre enden av skalaen ligg to kommunar under pris og lønsvekst.

Heggheim meiner det vert vanskeleg for desse kommunane.

– Spesielt med tanke på at vi får eit nytt inntektssystem. Kommunane vil ikkje ha finansiering til å drive drifta på den måten dei gjer i dag. Det er berre folketalet som betyr noko. Vi vert finansiert ut ifrå det, noko som ikkje er nok i dei kommunane som ikkje har folketalsauke, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser