Hopp til innhold

Meiner skulekvaliteten i Selje blir fagleg uforsvarleg etter nye kutt

Undervisning og skulekvalitet blir under fagleg minstemål – det blir realiteten på skulane i Selje neste år. Foreldre og skuleleiarar reagerer på dei tøffe kutta, medan ordføraren seier dei ikkje kjem utanom.

Selje skule

MÅ KUTTE: Selje skule og Stadlandet Oppvekstsenter er kombinertskular med ungdomstrinn. Flatraket skule og Ytre Stad skule og barnehage er reine barneskular. På biletet ser ein Selje skule.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ikkje overraskande er det svært mager kommuneøkonomi som fører til kutt som uroar både foreldre og skuleleiinga.

Sylvi Olsson som er rektor på Stadlandet Oppvekstsenter har lenge kjent på at grensa er nådd. Etter at ostehøvelen tok grovt for seg i fjor, klarar ho knapt å finne nye plassar å kutte.

– Eg har no forsøkt å fordele elendet ut over, seier Olsson til NRK.no og legg til:

– Det vil først og fremst gå ut over dei yngst, frå første til fjerde klasse. Det er der vi kan kutte noko.

Må kutte over 13 millionar på fire skular

Olsson leverte frå seg eit nøkternt budsjettforslag til kommuneleiinga. Tilbake fekk ho beskjed om å kutte ytterlegare 536.000 kroner.

Alle dei fire skulane i Selje vil merke at kommunen må kutte i drifta, til saman tilsvarande 13,5 millionar kroner.

– Vi må ned med nesten ei halv lærarstilling for å kunne halde oss til budsjettet neste år. Det høyrer gjerne ikkje så mykje ut, men det svarar til 12 undervisningstimar i veka, seier rektoren ved Stadlandet oppvekstsenter.

– Ei viss ubehageleg kjensle

Konferansier Bård Fløde.

DYSTER: Kommunalsjef Bård Fløde vedgår at det er trasig å måtte kutte så mykje at det går utover grensa for kva rektorane ved skulane meiner er fagleg forsvarleg.

Foto: Håkon Eltvik

Dei 99 elevane ved Stadlandet oppvekstsenter kan neste år gløyme å få nye lærebøker, leksehjelp vert truleg kutta, det same gjeld frukta i matpausen. Elevar i tredje klasse må ha fag som matematikk og norsk i lag med fjerde klasse.

På kommunalsjef Bård Fløde sitt kontor er det ei dyster stemning.

– Som fagleg ansvarleg både kommunal og på skulenivå ei viss ubehageleg kjensle, seier Fløde.

Må kutte meir enn det som er forsvarleg

I januar sette han og rektorane ei nedre grense for kva dei meinte var fagleg forsvarleg bemanning på skulane. Den grensa vil politikarane bryte når dei vedtek budsjettet for 2013 på måndag.

– Vi vil måtte gå på akkord med det vi som fagfolk og pedagogar meiner er forsvarleg, seier Fløde.

– Korleis kjennest det ut, når du veit kva elevane har bruk for?

– Det er begynt å bli veldig trasig, seier kommunalsjefen.

Han seier dei vil forsøke å gjere det slik at elevane skal merke minst mogleg til kutta.

– Det vil jo merke det at dei ikkje får så god og hyppig hjelp som dei treng, sidan dei vert fleire elevar per lærar, seier Fløde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skolebøker

INGEN NYE SKULEBØKER: Elevane ved

Foto: Nyhetsspiller / Scanpix

– No har vi nådd ei grense

Foreldre som har ungar i skulen er veldig uroa. At elevane ikkje lenger får eit eple eller banan i matfriminuttet kan dei tåle, men når minstemålet som skulane sjølv har sett vert brote, vert FAU-leiar Åge Honningsvåg ved Stadlandet oppvekstsenter bekymra.

– Det er blitt skore meir og meir ned. No har vi nådd ei grense der vi ikkje synest det er forsvarleg lengre.

– Det går slik ut over kvaliteten på opplæringa til ungane, seier Honningsvåg.

– Uforsvarleg handsaming

Honningsvåg har sjølv to ungar på skulen. Han har lite til overs for politikarane som skal vedta budsjettet måndag.

– Det er eit tankekors at politikarane vil kutte på det som er oppbyggande for det som skal vere framtida til kommunen.

– Eg synest det er uforsvarleg handsaming, seier Honningsvåg.

Har fått lovnader

Jon Frogner er FAU-leiar på Ytre Stad skule, der tre av ungane hans går. Frogner har fått lovnader om at kvaliteten ikkje skal bli råka.

– Det er det vi ventar. At skulen vert driven på ein forsvarleg måte, seier Frogner.

– Det å kutte i skuletilbodet, det betyr det same som å legge ned lokalsamfunn, påpeikar Frogner.

Skuldar på politikarane i Oslo

Ottar Nygård

MANGE OMSYN: Ottar Nygård meiner det er politikarane på Stortinget som har skulda for at ikkje kommunen har meir å rutte med.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ordførar Ottar Nygård avviser at kommunen har drive uforsvarleg. Han rettar fingeren mot Oslo og Løvebakken når skuld skal fordelast.

– Innbyggartalet har gått litt ned, men Selje kommune får berre 2,9 prosent auke i overføringane frå staten. Gjennomsnittet for fylket er 3,4, for landet er det 4,1, påpeikar Nygård.

– Er dette forsvarlege kutt med tanke på elevane si læring?

– Vi har mange omsyn å ta i budsjettet, også innan helse og omsorg vil det kome kutt. Skal vi klare å få eit budsjett som er i balanse så vert det slik, seier ordføraren.

Fryktar unge lærarar må gå

Etter nyttår må rektor Olsson i gong med å legge om på timeplanen til elevane.

– Er det ei tung julegåve å få?

– Ja, den er like tung kvart år. Spesielt er det tungt viss vi må sende unge lærar ut døra, seier rektoren.