Hopp til innhold

Tøffare konkurranse på hybelmarknaden i Sogndal

– Vi kan ikkje konkurrere med Studentsamskipnaden på pris, seier hybelutleigar i Sogndal.

Høgskulen på Foss i Sogndal

FRISKMELDT: Hybelmarknaden i Sogndal er betre, med god hjelp av private utleigarar og dei nye studentbustadane i Nedrehagen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Randi Marie Sjøholt

SUNN MARKNAD: Randi Marie Sjøholt i SISOF ynskjer ein god marknad for studentane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Når dei 150 nye studentbustadene i Nedrehagen står klare i august, vil det tvinge leigemarknaden til å heve standarden og til å setje ned prisen, seier administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), Randi Marie Sjøholt.

Ho seier SISOF veit at studentar i Sogndal ikkje alltid har fått god bustadstandard til prisen dei betalar.

Ikkje lenge sidan situasjonen var akutt

Hybelutleigar i Sogndal, Robert Brenden, seier til NRK at han har inntrykk av at det stort sett er god standard på privateigde utleigehyblar i Sogndal.

Då det for to-tre år sidan var som vanskelegast for studentar å få seg hybel, tilbydde sogndølar å leige ut kjellarane sine.

Mange sogndølar finansierer husbygging med leigeinntektene frå studentar som bur i kjellarhybelen.

Grei standard

Utleigaren trur ikkje at sogndølar vil leige ut rom med dårleg standard til ein pris som er for høg.

– Det er vanskeleg å seie korleis standarden er på alle hyblar. Men det er ikkje lenge sidan bustadmangelen var akutt, og då var det heilt naudsynt å tilby studentar tak over hovudet, seier Brenden.

Han stiller spørsmål ved at SISOF, som for få år sidan desperat spurde sogndølane om hybelhjelp, no ber dei heve bustadstandarden og setje ned leigeprisen.

Studenthyblar på Elvatunet i Sogndal

HYBLAR: Dei nye studentbustadane på Elvatunet er blant hyblane som har letta trykket i leigemarknaden i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

God standard, høg pris

Mange studentar leiger av private huseigarar med kjellarleilegheiter, og nokre bur i nybygde private hybelhus.

– Det er umogeleg å byggje nye hyblar med høg standard, og samstundes konkurrere på pris med SISOF sine statleg støtta studentbustader, seier han.

– Det vert eit heilt anna grunnlag for leigepris, diverre.

Skeivfordeling

Ein vanleg studentbustad kostar i overkant av 3000 kroner i månaden, og dei nye hyblane på Nedrehagen vil koste 4300 kroner i månaden.

Prisen på hyblar i privatmarknaden varierer etter standard og nærleik til sentrum. Men det er ikkje uvanleg med 5000 kroner i månaden.

No er det ei skeivfordeling der nokre studentar får subsidierte hyblar, og andre ikkje. Prisen for ein hybel i dag følgjer den normale prisutviklinga for bustader i området, seier Brenden.