Tøffare å halde seg i 2. divisjon

Frå og med sesongen 2016/2017 skal det vere berre fire andredivisjonsavdelingar i handball. Det gjer at Førde og Stryn ikkje må vere dårlegare enn nummer sju i den komande sesongen.

Førde handball

HØGARE KVALITET: Handballspelarane til Førde vil få skarpare konkurranse i 2. divisjon frå sesongen 2016/2017

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det kan bli tøft, men vi har ikkje anna val enn å henge på, seier Eli Kroken, som er oppmann for damelaget til Stryn.

Og det gjeld både damelaget, som i år vart nummer ni i 2. divisjon og for herrelaget, som rykte opp frå 3. divisjon.

– Vi må prøve å forsterke spelarstallen vår, vi har litt samarbeid med Eid som spelar i 4. divisjon, men det tek tid å ta 2. divisjonsnivået. I tillegg jobbar vi med å få hit utanlandske spelarar.

For Norges Håndballforbund har vedteke at dei vil heve nivået på 2. divisjon. Det gjer dei ved å redusere talet på avdelingar frå seks til fire frå sesongen 2016/2017. Det vil føre til at dei fire siste laga i 2. divisjon komande sesong rykker ned, medan laget som blir nummer åtte må spele kvalifisering mot vinnaren av 3. divisjon.

– Komfortable med det

For Førde, som dei siste sesongane har kjempa heilt i toppen av 2. divisjon er haldninga meir offensiv. Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen reknar ikkje med at dei skal ha problem med å halde seg blant dei sju beste.

– Akkurat det er vi veldig komfortable med. Eg er overtydd om at det skal gå bra.

For Førde har som mål å rykke opp, og det nålauget kan bli vidare frå 2016/2017 dersom Førde skulle vinne 2. divisjon. I år vart det andreplass, slegen på målstreken av fyllingen. Året før vann Førde 2. divisjon, men greidde ikkje å kvalifisere seg.

– Då var det seks avdelingsvinnarar som kjempa om tre opprykksplassar. No blir det fire lag som knivar om tre opprykksplassar. For oss er det bra.

Førde har mist talentfulle Kjersti Boge Solås til eliteserielaget Tertnes, men får att strekspelaren Simone Balcan etter fødselsfråver.

Stryn og Førde kan og rekne med at det kan bli lang veg til enkelte bortekampar. men det er enno ikkje avgjort kvar laga frå Sogn og Fjordane skal plasserast i ein ny 2. divisjon.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.