NRK Meny
Normal

Forhandla om Christina i heile dag utan at politikarane fekk vite noko

Samstundes som politikarane i Sogndal stilte spørsmål om Christina-saka utan å få konkrete svar, dreiv kommunen sine byråkratar tøffe forhandlingar om ei løysing på den svært vanskelege saka.

Christina Flåten

VILLE IKKJE SVARA: Ordførar Jarle Aarvoll ville nok ein gong ikkje svare direkte på spørsmål om Christina-saka, men synte til at det var prosessar på gang. Dei føregjekk samstundes med at politikarane i Sogndal var samla til kommunestyremøte.

Foto: arkiv / Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det har den siste veka vore stort fokus på situasjonen for 17-år gamle Christina Flåten frå Sogndal. I kommunestyremøtet idag stilte politikarar frå KrF, Høgre, FrP og uavhengige Christen Knagenhjelm direkte spørsmål til ordførar Jarle Aarvoll.

Mellom anna om det no var noko tidsperspektiv på når eit tilbod til den alvorleg sjuke jenta kan vera klart. Dette ville ikkje Aarvoll gå konkret inn på frå talarstolen.

Forhandla heile dagen

– Den historien, dei bileta vi har blitt vist, råka oss sterkt, og det er og å beklaga at den det gjeld og pårørarande ikkje er nøgde. Som ordførar og rådmann har sagt tidlegare, så er vårt arbeidsmål å yta best mogleg tenester. Som det var informert om i formannskapet, så er det sendt klage til fylkesmannen. Det er rette vegen å gå, slo Aarvoll mellom anna fast.

Etter at Aarvoll svara at han ikkje ville gå inn i detaljane kring dette, spurte han rådmannen om han ville gje ytterlegare kommentarar. Noko rådmann Jostein Aanestad ikkje ønskte - trass i at han godt visste at det sidan klokka 10 torsdag morgon pågjekk forhandlingar mellom familien, psykoleg Per Steinar Melås og kommunen.

Forlot møtet

Då kommunestyret gjekk til gruppemøte om ei heilt anna sak, kom kommunalsjef Helga Bakken til kommunestyresalen - ho gjekk då raskt i eit møte med rådmannen - der etter alt å døme temaet var forhandlingane om eit tilbod til Christina.

Desse forhandlingane svinga fram og tilbake heile torsdag, og foreldra til Christina har opplevd at kommunen i stor grad har reist kritikk mot Helse Førde når det gjeld kven som har ansvaret for jenta sin situasjon. Familien forlot forhandlingane klokka 11 i føremiddag.

– Me opplever kommunen som veldig arrogante, og dei ville ikkje ta noko ansvar, sa Flåten til NRK like etter det første møtet.

Fekk ikkje konkret svar

Ein av politikarane i Sogndal som har markert seg sterkast i Christina-saka er Margrete Haug frå KrF. Ho meiner at kommunen i denne saka burde teke på alvor at foreldra faktisk har friteke kommunen for tausheitsplikta.

– Det er beklageleg at denne saka har fått eit slikt svært omfang, det gjeld ei ung jente. Og, for å seie det så sterkt, det er godt at vi ikkje har for mange så tunge pleiepasientar her i kommunen. Men vi skal visa ho pleie og omsorg, ressursar har me rikeleg av og om ikkje kommunen har det, kva tilbod har kommunen fått frå Melås, som kommunen vil betale for? spurte Haug.

Ordførar Jarle Aarvoll gjekk då på talarstolen, utan å vilje svara konkret på spørsmålet frå KrF-politikaren.

– Det vil vere fleire partar involvert i ei sak. Det vil vere prosessar som pågår, og for prosessane sin del, så er eg svært, svært usikker på om det gagnar saka i forhold til å kunne svara heilt konkret i høve det. Det får vere rådmannen si vurdering, svara ordføraren.

Margrete Haug

KRITISK: Margrete Haug frå KrF har markert seg svært kritisk til kommunen si handsaming av Christina-saka. Ho var mellom dei som tok ordet under kommunestyremøtet i dag. Bak t.h. varaordførar Laura Kvamme (Ap).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Snudde brått

Etter at han og dei pårørande hadde gått, sat Melås att for å forhandla vidare om kva tilbod Christina skal få. Men etter ei stund reiste Melås seg og gjekk frå møtet fordi kommunen rett og slett ikkje kunne tilby Christina det tilbodet foreldra og Melås meiner ho treng.

Men nokre timar seinare snudde brått situasjonen seg. Medan det var kommunestyremøte, fekk Melås ein telefon frå kommunen om at dei ønskte å ta opp att forhandlingane.

– Eg håpar og trur at me vil koma fram til ei løysing som alle partane kan vera nøgde med, sa Melås før han på ny sette seg i bilen for å køyra til Sogndal.

I morgon kjem ni spesialistar frå heile landet til Leikanger og Melås AS for å settja seg inn i saka, og på måndag er dei klare til å ta i mot Christina - dersom dei og Sogndal kommune klarer å kome til ei endeleg semje.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå