Hopp til innhold

Her set David (5) utfor den bratte fjellsida

Fem år gamle David er ein skikkeleg tøffing. Han har vore på fleire toppturar i lag med familien i vinter. Med ski på beina set han utfor fjellsidene.

David på tur ned Nonsnipa

TØFFING: David (5) siglar ned frå Nonsnipa. I bakgrunnen ser vi Jølstravatnet.

Foto: Jorunn Kleiven

Då sola kikka fram for to veker sidan kunne David (5) endeleg spenne på seg skia for ein topptur til Fauskevarden. Dette blei første gong på ski ned ei så bratt fjellside.

David Kleiven Engesæter

JUBEL: David på tur til Fauskevarden.

Foto: Jorunn Kleiven

Jorunn Kleiven og familien er mykje på turar. Både mannen og dei to borna Mali (10) og David (5) er ivrige på tur både med og utan ski.

– Vi har gått heile vinteren og berre lengte etter slikt vêr og slikt føre. Så kom det endeleg, fortel Kleiven.

Tøff femåring

For snø og finvêr på same tid har vore vanskeleg å finne store delar av Vestlandet denne vinteren.

5 år gamle David har vore på mange turar før og fleire fjelltoppar, men på turen til Fauskevarden var det første gong ha sigla ned att med ski på beina – i ei så bratt fjellside.

For turkjennarar der ute kan det nemnast at guten allereie har vore på turar på Klungeren, Blomfjell og Endestadnipa med fleire. Her er bakkane slakare, men denne dagen skulle han få bryne seg på ein brattare bakke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fauskevarden topptur

GLØD: Her siglar David ned fjellsida frå Fauskevarden.

Foto: Jorunn Kleiven

Måtte nytte sjansen

– Dette var jo ein måndag så alle var på jobb, skule og i barnehage. Difor kunne vi ikkje ta fatt på turen før det lei litt utpå kvelden. Likevel var dette noko vi berre måtte, fortel Kleiven.

Familien forta seg heim att og både born og vaksne var kjempemotiverte til å finne fram og skifte klede.

– Stemninga var der lenge før vi var kome på turen eigentleg. Turen var berre heilt fantastisk. Vêret var på plass, føret var topp og sola skrinte. Kveldssola farga til slutt himmelen oransje og la til rette for ei god oppleving. Veldig herleg.

Gleda seg lenge

På tur til Fauskevarden

UT PÅ TUR: Ettermiddagstur til Fauskevarden.

Foto: Jorunn Kleiven

David hadde lenge vore klar til ei nedsigling frå ei brattare fjellside.

– Vi snakka om det fjor, for da gjekk han nokre turar på langrennsski. Då gjekk han overraskande bra. Vi sa til at han at dersom han fekk slalåmski så kunne det hende at han kunne gå på toppturar slik som storesystera gjer.

– Han har eigentleg lengta litt etter dette, så når vêret var så bra, måtte vi slå til. Ein kan ikkje gå på topptur med så små ungar ruskevêr og vind og snø. Det må vere ein skikkeleg godvêrsdag, fortel ho.

Turen ned frå toppen gjekk kjempebra for David.

– Han synst det var heilt topp og veldig kjekt, eg synst jo sjølvsagt han er kjempeflink, her var det jo brattare enn det han var vant med, og med slalåmski vel ein også brattare linjer, seier Kleiven.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mali og David på Nonsnipa i Jølster

PÅ TOPPEN: Her er Mali og David på toppen av Nonsnipa. Klare til å sette utfor fjellsida.

Foto: Jorunn Kleiven

I fiskebein på Langeland

Kleiven som har skrive boka «Gå sjølv; familieturar i Sunnfjord» seier det er viktig at ein ikkje legg ut på slike turar før ein veit at ungane meistrar det.

– David har gått i fiskebein på Langeland sidan han var 2 år gammal. Han har gått mykje og lange turar elles, så då visste vi at han kunne klare det. Meistringskjensla er sjølvsagt viktig også for at ungane skal like turen.

Laurdagen etter var David på Nonsnipa i Jølster. Dette er ein enda lenger tur, men Kleiven fortel at ho ikkje hadde teke med seg David på den turen hadde det ikkje vore for at han gjekk så lett på Fauskevarden.

Dagen etter blei det nok ein tur på Fauskevarden for familien.

Mali hoppar på ski

SVEV: Full aktivitet på tur. Her hoppar Mali på ski.

Foto: Jorunn Kleiven

– Det er viktig at ein testar ut litt kortare og lettare turar på førehand før ein legg ut på ein slik lang topptur, seier Kleiven.

Ulike aktivitetar er viktig

For familien Kleiven/Engesæter har det aldri vore vanskeleg å motivere ungane til turar. Mali på 10 har alltid vore turglad og no følgjer veslebroren i same fotspor.

– Å gjere veldig mykje forskjellige ting på tur er veldig viktig. Vi kan ikkje alltid gå på topptur. Vi går langrennsski, fjellski, trugeturar, aketurar, korte turar med hoppbakkar og bålbrenning. Eg trur variasjon er viktig for at det skal vere kjekt for ungane. Ein bør også vere obs på skredfare når ein går turar i fjellet no, seier ho.

David hoppar på ski

AKTIVITET: David hoppar på ski under ein tur til Fauskevarden.

Foto: Jorunn Kleiven