Tobakksåker på Heltnadn i Luster

Tobakksåker på Heltnadn i Luster. Borna er Tøger og Ludvik Nitter Heltne.

Foto: Brathole, Samson / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Tobakkseventyret

I 1889 flytta Ingvald Martinussen heim frå Amerika. I bagasjen hadde han frø som skulle spira til å bli eit usannsynleg landbrukseventyr ved Sognefjorden.

Opover Fjæld skrentene paa begge Sider af Fjorden ser man nu Tobaksplantninger lige op til Skovgrensen, ja selv paa de laavere liggende Steder, hvor man har indseet, at denne svarar bedre Regning end kornavlen.

Slik skildra ein journalist reisa innover Lustrafjorden i 1896.

Han såg jorde etter jorde med ei plante ein vanlegvis forbind med sørlegare og meir eksotiske breiddegrader.

Ei plante som skulle bety noko for nesten ein tredel av dei som budde i kommunen.

Ei plante som ingen andre stader i Noreg har blitt dyrka kommersielt i eit slikt omfang.

Tobakksplanta.

Men korleis vart nokre småbygder langs Sognefjorden eit sentrum for norsk tobakksdyrking?

Knud Knudsen-foto frå Luster

UTVANDRA: Her har fotografen Knud Knudsen fotografert dagen Peder Mørkrid tok fatt på turen til USA i 1904.

Foto: Knud Knudsen / Universitetsbiblioteket i Bergen

Pioneren

Mellom 1830 og 1920 forlét 800 000 nordmenn heimane sine til fordel for draumen om ei betre framtid i eit anna land. Dei fleste søkte lukka i USA, men ein fjerdedel av utvandrarane flytta etter kvart heim.

I 1889 fann ein nordmann vegen tilbake over Atlanteren. Ein visjonær som såg moglegheiter i heimlandet få hadde sett før han.

Ingvald Martinussen frå Ålesund.

Martinussen var fødd ein aprildag i 1864. Som så mange andre før han, tok han etter kvart fatt på den lange reisa til USA. I Wisconsin livnærte han seg av å jobba på dei enorme tobakksplantasjane. Han lærte seg handverket så godt han kunne. Han plukka opp kunnskap og rådførte seg med dei som hadde dyrka tobakk heile livet.

Martinussen hadde ein plan som skulle bety mykje for ei lita bygd i Sognefjorden.

Tobakkshausting, truleg Ingvald Martinussen

ENTREPRENØREN: Mannen i hjulsleden er truleg Ingvald Martinussen, mannen som starta eventyret i Luster.

Foto: Døsen, Johan Rumohr / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Heime i Noreg var tobakksdyrkinga nesten fråverande. Frå tidleg i 1880-åra vart det dyrka nokre jordflekkar i eit par bygder langs Sognefjorden, men ikkje noko av omfang. I Hardanger forsøkte dei, men det vart ikkje noko særleg av det. Tilbake på 1700-talet vart det dyrka tobakk i Noreg, hovudsakleg på Austlandet.

Men det skulle likevel bli småtteri samanlikna med det Martinussen såg for seg.

Han snakka med kjentfolk og kollegaer i USA. Han var i kontakt med fagfolk i heimlandet om både jordbruk og klima. Undersøkingane hans peika på eitt område som skulle egna seg betre enn andre til å lukkast med tobakk i Noreg; Luster.

Langs Lustrafjorden, som er den inste delen av Sognefjorden, strekk fjella seg rett opp frå fjorden. Dei sørvende, nedbørsfattige og relativt solrike områda gir gode forhold for frukt og grønsaker, som Sogn er så kjend for.

Dei gode dyrkingsforholda visste Martinussen om. Og det skulle han dra nytte av.

Lustrafjorden sett frå Skjolden hotell

LUSTRAFJORDEN: Her med utsikt frå hotellet på Skjolden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

«En alskens ulykke»

Han kom over frå USA, og tok dampbåten frå Bergen til Luster. Då han steig i land, var ikkje bøndene så ivrige på å leiga ut jord til han.

Tobakk var nytt, og lustringane visste ikkje heilt om dette var noko å satsa på.

«En spådde mannen alskens ulykke. Slikt var det jo inga mening i, slik kunne ikkje lønne seg. Det måtte gå gale vegen».

Slikt vert Martinussen sin visjon skildra i Austlids lesebok av Steenske forlag.

Men Martinussen var overtydd om at her var det store moglegheiter.

« ... men nei om det gjorde! Det gikk godt for mannen. Det gikk framifrå.»

Og gardbrukarane følgde etter han. På få år var det dyrka 150 dekar med tobakk langs Lustrafjorden.

Ingvald Martinussen hadde gitt bøndene langs Lustrafjorden ei ny og viktig inntektskjelde.

Tobakkshausting, truleg i Solvorn 1898.

INNHAUSTING: Tobakkshausting i Solvorn, i 1898.

Foto: Nils O. Reppen / Fylkkesarkivet i Sogn og Fjordane

Rikdomen og sjansespelet

– Dette er kraftige saker. Det er ingen som smugrøyker desse i arbeidstida, då hadde me kjent dunsten av det på heile rådhuset.

Erling Bjørnetun flirer litt der han står med den vesle, gulna pappeska i handa. I glasmonteren framfor han ligg det fleire gulna pappesker av ulikt slag. «Sigaretter av norskavlet tobakk», «Norsk tobakk» og «Heimavlet tobakk» står det på dei.

I glasmonteren på rådhuset i Gaupne, kommunesenteret i Luster kommune, ligg bevisa på landbruket som ein gong var så viktig langs fjorden.

Erling Bjørnetun

KULTURSJEF: Erling Bjørnetun har funne fram noko av den gamle tobakken som vart produsert med lustratobakk.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I toppåra rett etter hundreårsskiftet var den årlege produksjonen på om lag 30 tonn i Sogn. Sjølv om det også vart dyrka fleire titals dekar i nabokommunane, var det ingen som var i nærleiken av å vera så store som Luster på tobakk.

– På nokre av gardane var tobakk det einaste bøndene produserte i stordomstida. For dei som lukkast med dette var det i ein kort periode – for å understreka kort – økonomisk veldig gunstig, fortel kultursjef Bjørnetun.

Luster kommune hadde på den tida om lag 3000 innbyggjarar. På det meste var ein tredjedel av dei knytt til gardsbruk som i stort eller mindre omfang dyrka tobakk.

Norske sigarettar utstilt på rpdhuset i Luster kommune
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Var avlinga av god kvalitet, var det store pengar å henta. Kjeldene på kor utbytterikt det faktisk var sprikar, men eit dekar med god avling kunne gi alt mellom 100 til 200 kroner nettoinntekt til bøndene. Mykje meir enn noko anna ein kunne dyrka på det same arealet, som korn eller poteter.

For dei beste dyrkarane med dei største åkrane var tobakken eit levebrød. For dei andre var det eit supplement til den ordinære gardsdrifta.

For Ingvald Martinussen var det eit levebrød. Men også for den dyktigaste av dei, var det eit sjansespel.

Opp i røyk

Det er to sluttar på forteljinga om tobakken i Luster.

Den eine er sopp, skatt og importtobakk.

Sopp og insekt hadde sidan starten vore eit stort problem. Det var normalt at opp mot ein fjerdedel av avlinga var dårleg eller øydelagd. Då dei i 1911 fann sprøytemiddel som hjelpte, hadde mange tobakksdyrkarar allereie lagt inn årene.

Men soppen var ikkje det som tok knekken på eventyret.

Fram til 1903 hadde norskdyrka tobakk vore avgiftsfri. Men frå dette året ville staten ha inntekt på den norskdyrka tobakken. Over natta sat bøndene att med berre ein tredjedel av inntekta dei hadde hatt før skatten vart innført. I tiåret som følgde vart avgifta nesten dobla.

Men skatten var ikkje det som tok knekken på eventyret.

Etter den 1. verdskrigen, i 1918, fekk folk smaken på betre importtobakk. Tonnevis med sognetobakk vart liggjande useld.

Det var dødsstøyten for lustratobakken.

Men dette fekk aldri Ingvald Martinussen oppleva.

Det var truleg lungebetennelse som tok knekken på tobakkspioneren. I 1907, 43 år gamal, døydde han, og lét etter seg fem born og ei gravid kone.

Ettermælet

I over 40 år vart det dyrka tobakk i bygdene langs Sognefjorden. Det som i den store boka om tobakkshistoria på verdsbasis er eit lite avsnitt, var for mange sogningar mange år med velstand.

Det er nok ikkje på reint få loft eller i kjellarar i Luster ein kan finna gamal, heimedyrka tobakk om ein leitar litt.

Eller ny, heimedyrka tobakk, på eitt spesielt loft.

– Her manglar «wrapperen» – altså dei fine blada som skal vera ytst. Eg skal laga det ferdig til jul, håpar eg.

Terje Anton Gudmundsson viser fram eit par halvferdige sigarar og ein pose med brune, tørka tobakksblad. Det luktar tobakk i rommet.

Terje Anton Gudmundsson

HEIMELAGA SIGAR: Terje Anton Gudmundsson viser korleis han lagar ein sigarett av heimedyrka tobakk. I to år har han hatt hobbyen som ein gong var levebrødet til mange lustringar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I den gamle kommoden på loftet har hobbygartnaren tørka tobakksblad, ei tobakkskvern, tomme sigarettpapir, tobakkskniv og ei form til å laga sigarar i.

– Eg har dyrka i to år. I fjor var sommaren alt for kald, og i år var den alt for tørr. Eg satsar på at 2019 blir ein mellomting.

Terje Anton Gudmundsson er den siste tobakksdyrkaren i Luster.

Siste rest av landbrukseventyret som ein gong var her, inst i Sognefjorden, for 100 år sidan.

Og kanskje sit han akkurat no og røyker ein heimelaga sigar av lustratobakk som vart ferdig til jul.

Halvferdige sigarar i Luster

JULESIGARANE:

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dyrkinga av tobakk i Luster, og Noreg elles, tok seg litt opp att fram mot og under 2. verdskrig. Men samanlikna med det som var 40 år tidlegare, var det lite.

Dei norske tobakksplantasjane blir likevel ein parentes i tobakkshistoria om ein samanliknar seg med produksjonen i andre land. I 1894 vart det hausta 247 636 tonn i USA. I Sverige låg årsproduksjonen på over 1000 tonn mellom 1886 og 1891. I Finland hausta dei 200 tonn i starten av 1880-åra.

Kjelder:
Blader av tobakkens historie: J.L. Tiedemanns Tobaksfabrik 1778–1978
Store norske leksikon
Allkunne.no
Trygve Martinussen, barnebarn av Ingvald Martinussen
Austlids skolebok, Steenske forlag