Hopp til innhold

To vogntog stengde vegar i fleire timar

To vogntog som stod i grøfta gjorde det lenge uråd å komme seg til og frå i Gulen.

vogntog fast på fylkesveg 4 nappsundbrua

STOD FAST: Dette vogntoget var på veg til Firda Seafood sitt anlegg på Byrknesøy då den vart ståande bom fast.

Foto: Harald Bremnes

Først kom meldinga om at eit vogntog sperra fylkesveg 4 ved Nappsundbrua i Gulen. Vogntoget var på veg til Firda Seafood for lasting.

Deretter fekk eit anna vogntog trøbbel på fylkesveg 8 aust for Oppedal ferjekai i Gulen og stengde også den vegen. Det vart lenge meldt om at det var passering for personbilar, men ifølgje ein tipsar var det berre kring ein meter opning.

Etter eitt par timar vart fylkesveg 4 opna igjen, medan bergingsarbeidet på fylkesveg 8 ikkje starta før kring klokka 17.00. Då hadde vegen vore sperra for all trafikk sidan før klokka 12.00.

Det var ikkje snakk om personskade i nokre av tilfelle.