Hopp til innhold

To veker utan nedbør får følgjer

Tørka i fylket har vart så lenge at enkelte må spare på vatnet. – Det er for gale å håpe på regn, men det hadde gjort seg, seier Ketil Nord i Eid kommune.

Vasspreiar

VARSEMD: Innbyggjarane i fleire kommunar blir oppmoda om å bruke vatn med fornuft.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kommunen innførte i går vatningsforbod for innbyggjarane på Nordfjordeid. Forbodet vil stå så lenge det er naudsynt.

Driftsingeniør vatn og avlaup, Ketil Nord, seier kommunen ikkje hadde noko val.

– Slik det såg ut i går kveld, så hadde vi vore tomme for vatn i dag utan eit forbod, seier han.

Må prioritere

Ketil Nord

FORBOD: Eid kommune såg ikkje anna utveg enn å legge restriksjonar på vassforbruket, fortel Ketil Nord. V

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eid er ikkje einaste kommune som har innført restriksjonar. Både Naustdal og Vik har bede innbyggjarane om å redusere vassforbruket monaleg. For når væta ikkje kjem frå oven, må hageslangar og vasspreiarar syte for at plenar og bed ikkje tørkar fullstendig inn.

Når alle gjer dette samstundes, går det med store vassmengder.

– Då går det ut meir vatn enn vi klarer å produsere. Går inntaksbassenget på Vårsætra tomt, og får ikkje folk vatn til meir naudsynte ting som hushaldning og ikkje minst brannsløkking, seier Nord.

– Er det ikkje eit alternativ å vatne om natta?

– Det kan ein seie, men no er det gjerne natta vi nyttar til å fylle opp att kapasiteten i bassenget.

Meir godvêr i vente

Statsmeteorolog Steinar Skare fortel at det har gått to veker sidan det sist kom nedbør over trivselsfylket. I tillegg til fare for vassmangel, vert skogbrannfaren rekna som svært stor enkelte stader.

Dei som håpar på regn, må nok smørje seg med noko tolmod. For også helga ser ut til å bli ganske så bra – for dei som likar sol og temperaturar på kring 20 raude.

– Det kan nok komme enkelte byer i helga, men det er først måndag kveld og tysdag at prognosane viser ein god del nedbør, seier Skare.

Vil betre

Han forklarar den lange perioden med finvêr, med ei heldig plassering av høgtrykk og lågtrykk.

– Vi har ikkje hatt den vanlege transporten inn frå vest. Dermed har vi heller ikkje hatt så mykje frontnedbør. Vi har av og til fått litt byenedbør, seier han.

I Eid håpar Nord at det ikkje blir så mange slike situasjonar i framtida. Frå slutten av 2017 vil dei ha eit nytt vassystem frå djupna av Hornindal i sving.

– Det anlegget vil ha ein heilt annan kapasitet doblar bassengkapasiteten, så eg trur nok det ikkje blir noko problem når det opnar, seier han.