NRK Meny
Normal

To ungdommar i arresten etter hærverk

To ungdommar hamna i arresten etter skadeverk i rusa tilstand. Elles ei roleg natt for politiet.

Politibil i fart
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ungdommane festa i Gaupne og greidde ikkje å halde seg i skinnet, trass i åtvaringar, seier Bengt Ness i politiet.

Ifølge Ness var to ungdommar rusa og gjorde skade på nokre bilar då dei klatra opp på taket. Vaktar i nærleiken var vitne til hærverket og politiet tok dei to med til arresten i Sogndal.

– No blir det avhøyr og antakeleg bot, seier Ness.

Laster Twitter-innhold

Fekk politi-skyss

– Det er ingen store ting som er skjedd i natt, ei ganske roleg natt for dei som var på jobb, seier operasjonsleiar Bengt Ness i politiet.

Politiet har teke hand om fleire rusa personar. Ei mindreårig jente i Luster fekk skyss heim igjen, det fekk også ein rusa mann i 50-åra i Gaupne. I Førde sentrum blei to personar vist vekk frå utestad etter å ha skapt uro.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

UP hadde promillekontroll i Florø og Førde i natt, men ingen blei teke med promille. Ein person i Førde fekk forenkla førelegg på grunn av mobiltelefonbruk i bilen.

Laster Twitter-innhold
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.