NRK Meny
Normal

To ulukker på E39 på kort tid - fleire personar til sjukehus

I løpet av ein halvtime skjedde det to ulukker på E39 i Sunnfjord laurdag ettermiddag. På Vassenden var fleire personar involvert i ein frontkollisjon. Politiet melder om svært glatte vegar.

Vassenden ulukke

SMELL PÅ GLATTA: To bilar kolliderte ved Vassenden i Jølster rett før klokka 13 i dag.

Foto: NRK-tipsar

To bilar har kollidert front mot front på E39 ved Vassenden. Det har danna seg lange køar på ulukkesstaden.

Fleire personar skal vere involvert i ulukka, men det er førebels uvisst kor stort skadeomfanget er.

– Det er materielle skadar på begge bilane, men trafikken slepp no gjennom. Ulukka har skjedd rett vest for Vassenden sentrum, opplyser eit vitne til NRK.

Politiet fekk melding om ulukka frå ein kollega som tilfeldigvis var på staden då ulukka skjedde.

– Politipatruljen på staden varsla om svært krevjande føreforhold, vegtrafikksentralen er varsla om dette, opplyser politiet.

På Langeland i Gaular køyrde ein bil inn i ein annan bakfrå. Ei kvinne er frakta til sjukehus med smerter i nakken.

Det skal også ha teke fyr i den eine bilen, men brannen blei raskt sløkt.

Ulukke Langeland

KOLLIDERTE: To bilar var involvert i ulukka på E39 på Langeland i Gaular.

Foto: Jarle Arvid Aase / NRK
Ulukke Langeland

TIL SJUKEHUS: Føraren av denne bilen blei køyrd til sjukehus med nakkesmerter etter kollisjonen på Langeland.

Foto: Jarle Arvid Aase / NRK

Saka vert oppdatert!

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser