Hopp til innhold

To trafikkuhell på rappen

Sundag kveld var det to trafikkuhell på få minutt på riksveg 60 i Hornindal.

Trafikkulukke Kjøshammertunnelen

Klokka 17:48 fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrt inn i fjellveggen ved Kjøshammartunnelen. Det vart ikkje meldt om personskade, men opplyst at det var svært glatt på staden.

Berre minutt seinare, klokka 17: 56, fekk politiet melding om at det hadde skjedde eit nytt trafikkuhell på same staden. Denne gongen hadde ein bil køyrt i grøfta.

I alt tre bilar var involvert i dei to uhella opplyser politipatruljen på staden.

To personar blei sende til Eid for legesjekk