Hopp til innhold

To trafikkuhell på glatt veg i natt

Både i Sunnfjord og Sogn har det vore trafikkuhell på glatte vegar i natt. Alle involverte kom frå det utan alvorlege skader.

På E39 i Bruland i Førde køyrde ein ungdom i autovernet i ein sving. Alle fem ungdomane i bilen vart sende til sjukehus for kontroll. Også på riksveg 5 på Kaupanger var det eit trafikkuhell på glatt veg, i ein sving. Her køyrde ein person, som var åleine i bilen, av vegen. Politiet mistenkjer ikkje rus i nokre av uhella.

– Det var null-føre og glatt på begge ulukkesstadane, seier operasjonsleiar hjå politiet Wenche Holme, til NRK.

– Vi har fått melding om at det var glatt veg på dei to stadane der ulukkene skjedde, men utover det har vi ikkje fått meldingar eller klager på glatte vegar i Sogn og Fjordane, opplyser Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Elles er det – som vanleg – rusa folk som har gitt politiet arbeid i natt. I Førde måtte dei to gonger rykkje ut til uro på private stader. Ein mann i 20-åra var aggressiv på den eine staden, fordi han meinte nokon hadde stole alkohol av han.

I Sogndal vart ein mann i 20-åra vist vekk frå sentrum. Også denne var av den aggressive typen.

I Nordfjord, på Nordfjordeid, fekk politiet melding om to unge kvinner som vart befølte på baken ved ein utestad. Dette har blitt politimeld.