Hopp til innhold

To trafikkuhell måndag morgon

To personar er sende til legesjekk etter trafikkuhell på Sandane og i Sogndalsdalen måndag morgon.

Ein person vart send til lege etter ei utforkøyring på riksveg 5 i Sogndalsdalen i dag tidleg.

Politiet fekk melding om uhellet rett over klokka seks.

Det var to personar i bilen då den hamna utfor vegen. Den andre personen fekk ikkje skadar. Ingen andre bilar skal vere involverte i uhellet.

Lastebil utfor på Sandane

Ved Eide Gartneri på Sandane køyrde ein liten lastebil ut av vegen i morgontimane.

Ein person er send til legesjekk. Ingen andre bilar var involverte i uhellet.