Hopp til innhold

Elleville sjåartal for fylkessongen

Ottar Wiik sin hyllest til Sogn og Fjordane går så det susar på nettet. Onsdag ettermiddag bikka den 100 000 visningar på Facebook.

Her framført under kabareten til ære for visesongaren Ottar Wiik, som har skreve teksten.

ALLE GODE TING ER TRE: Sogn og Fjordane-songen har tydelegvis treft ei nerve her i fylket.

Responsen har ikkje venta på seg etter at NRK publiserte Einar Bolstad si framføring av Sogn og Fjordane-songen på Facebook på måndag.

Onsdag kveld er videoen delt 974 gonger, vist over 102 000 gonger og har nådd 202 800 personar. Nær 1 100 personar har likt innlegget. Det kan ikkje skildrast som noko anna enn ein ellevill respons.

Sogn og Fjordane-songen vart i helga framført på kabareten «Rundballeri hurra!» i Vik.

– Eg er glad og litt stolt. Det er kjekt at ei slik hylling til avvikarfylket blir likt og delt av så mange, seier tekstforfattar Ottar Wiik.

Enkel bodskap som treff

Wiik er likevel beskjeden nok til å gje mesteparten av æra for suksessen til solist Einar Bolstad frå Hafslo.

– Han er ein unik songar, som framfører songen med trøkk og overtyding. Det var kjempemoro å stå i koret med han og synge ut på refrenget, seier Wiik.

Ottar Wiik

OVERVELDA: Viseforfattar Ottar Wiik er mannen bak teksten til Sogn og Fjordane-songen.

Foto: Kjell Vikestad

Opphavleg var det Olav Stedje som framførte songen, som vart laga til eit ungdomsprogram om Sogn og Fjordane i regi av skulekringkastinga.

– Slik sett er det er ein enkel bodskap og ikkje nokon svære underfundigheiter. Men eg er rimeleg godt nøgd med teksten, seier Wiik.

– Det er ein song som er lett å lika viss du har hjarta i Sogn og Fjordane.

Wiik meiner responsen viser at gamle fogderistridar ikkje stikk så djupt som mange kanskje likar å tru.

– Eg trur folk synst det er greitt å gle seg over det vi har til felles. For det er mykje, seier Wiik.

Tilfeldig samarbeid

Både han og mannen bak melodien, Kåre Sandvik, kjem altså frå Hordaland. Men begge har budd fleire tiår i Sogn og Fjordane, Wiik høveleg nok i Vik i Sogn, Sandvik i Flekke i Fjaler.

Men at dei to skulle samarbeide om prosjektet var heilt tilfeldig, sjølv om dei i si tid utruleg nok gjekk i same klasse på gymnaset i Øystese.

– Eg var ikkje ein gong klar over at han hadde flytt til Sogn og Fjordane på det tidspunktet, så det var veldig kjekt, seier Wiik.

Kåre Sandvik er like overvelda over responsen.

– No er det ein litt barnsleg tekst, for han vart skreve for elleveåringar i si tid. Men han fungerer jo, vi tek han med oss heile livet, sjølv om han er litt barnsleg. Slik er det med julesongar òg, seier han.

Han er stolt over at songen, som ikkje ein gong har blitt gitt ut på plate, har greidd å leve så lenge.

– Eg har møtt både heimflyttarar og utflyttarar, som har sagt at den songen har betydd mykje for dei. Og når Ottar endeleg har dildra seg til å samla verka sine i éi førestilling, så vert det ei ekstra kraftig pakke.