NRK Meny
Normal

To til sjukehus med lettare skadar etter trafikkuhell

Politiet har fått melding om trafikkuhell mellom to køyretøy mellom Naustdal og Naustdalstunnelen.

Trafikulukke i Naustdal

TRAFIKKULUKKE: To bilar har støytt saman utanfor Naustdalstunnelen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Politiet fekk melding om hendinga klokka 15:45. To til tre personar skal vere involvert. Skadeomfanget uklart opplyser politiet.

Laster Twitter-innhold

Ein innringar som har passert staden fortel at den eine bilen har fått store skadar, Han såg ein person som sat i vegkanten og fekk hjelp av andre.

Han fortel at han møtte fem politibilar, tre ambulansar og ein brannbil som var på veg til staden.

Lange køar

LANG KØ: Det har allereie samla seg lange køar på ulukkesstaden.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Han opplyser og at det har samla seg lange køar på Førdesida av der ulukka har skjedd.

Politiet opplyser at den eine bilen har køyrt inn i den andre bakfrå.

Klokka 17:43 opplyser politiet at to personar er sende til sjukehus i Førde med lettare skadar. Bilberging er i gang, og vegen blir opna når staden er rydda.

– Det vi veit er at begge bilane har kome ut av Naustdalstunnelen og den eine bilen har køyrt i den andre bakfrå. Vi har berre fått tatt korte forklaringar, og ei kort åstadsundersøking, men så langt tyder det på at ingen er å klandre for det som har skjedd, seier fungerande innsatsleiar Torstein Fjellanger.

Laster Twitter-innhold

Klokka 16:52 melder Statens vegvesen at vegen er opna for trafikk igjen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser