Hopp til innhold

To til sjukehus etter utforkøyring

To personar er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring på fylkesveg 55 ved Porsen, i nærleiken av Skjolden i Luster. – Det var eit eldre ektepar i bilen. Dei var oppegåande, men hadde smerter, så dei vart sendt vidare til sjukehuset for ein sjekk. Bilen er fjerna og trafikken går som normalt på staden, seier Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.