Hopp til innhold

To til sjukehus etter utforkøyring

To menn i 20-åra er sende til sjukehuset i Førde etter ei utforkøyring på fylkesveg 13 i Balestrand.

Trafikkulukke

Alle naudetatane rykte søndag ettermiddag ut til Gaularfjellet etter at dei 15.08 fekk melding om ei trafikkulykke på Balestrand-sida av fjellet.

– Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø til NRK.no klokka 15.45.

Ulukka skal ha skjedd i den første skarpe svingen i oppstigninga til Gaularfjellet frå sognesida. Politiet kunne søndag ettermiddag ikkje seie noko om årsaka til utforkøyringa.

Det var tre personar i bilen. To av desse, to menn i 20-åra, vart skadde i ulukka. Dei to blei tekne hand om av helsepersonell på staden før dei vart frakta vidare til sjukehus.

- Dei blei sende til Førde sentralsjukehus. Den eine med ambulanse, og den andre med luftambulanse, seier Næss til NRK.no.

Etter det politiet veit skal det vere snakk om lettare skader på begge. AMK opplyser klokka 19 søndag kveld at den eine av mennene vart frakta til sjukehus, medan den andre vart sendt til legevakta.

Vegen har ikkje vore stengd på staden på grunn av ulukka, då bilen vart ståande heilt ute av vegbana. Det er oppretta sak på forholdet, og politiet i Balestrand vil etterforske saka vidare.

AMK opplyste etter ulukka at dei sende to bilambulansar og luftambulanse til skadestaden.